Framlegg til endring av opplæringslova. Reglar om kven som kan tilsetjast i lærarstilling og framlegg om å tydeleggjere reglane om fagleg ansvar for opplæringa

Utdanningsforbundet meiner at barn, unge og vaksne sin rett til eit likeverdig opplæringstilbod over heile landet er truga og at for mange får mykje av opplæringa si av personar utan lærarutdanning.

Hovudsynspunkt

Utdanningsforbundet støttar retninga på dei samla framlegga i lov og forskrift. Vi oppfattar framlegga som eit steg i rett retning for å sikre at berre lærarar er lærarar og for at alle elevar skal sikrast lovfesta rett til opplæring.

Utdanningsforbundet støttar i hovudsak framlegga til endring av opplæringslova § 17-3 og forskrift til opplæringslova § 14-1. Utdanningsforbundet meiner framlegget til ny § 17-6 er ei klargjering av dagens rett, men framlegget er likevel ikkje tydeleg nok på kva fagleg ansvar for opplæringa inneber, og på kva som reknast som opplæring.

Utdanningsforbundet gir sterk støtte til at innhaldet i departementet sitt rundskriv F-25-03 om at pedagogisk praksis på visse vilkår kan erstatte formell pedagogisk kompetanse, ikkje vert ført vidare.

Les: Høyringssvar frå Utdanningsforbundet (pdf, 123 kB)