Framlegg til forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskulelova

Det er Utdanningsforbundet si vurdering at høyringsdokumenta er godt strukturerte og oversiktlege trass i det store omfanget. Vi meiner direktoratet langt på veg har lukkast i å utarbeide eit framlegg til forskrifter som er tydelege og i hovudsak meir tilgjengelege og meir brukarvennlege enn i dag.

Sjølv om Utdanningsforbundet meiner utforminga av nye forskrifter er betre enn dagens meiner vi at målet om å redusere omfang og graden av detaljar, synest å ha ei meir lovteknisk enn pedagogisk grunngjeving. Ønsket om nedkorting kan også føre til at delar av teksten som nokre brukarar opplever som klargjerande, vert fjerna fordi dei ikkje vert vurderte som nødvendige.

Vi er samde i vurderinga om at forskrifta må spegle at kommunen og fylkeskommunen i hovudsak er pliktsubjekt i lova, med den mynden og det ansvaret dette inneber. Vi støttar også at forskriftene bør innehalde rettar og plikter, og at rettleiingar og oppmodingar til vanleg må kome til uttrykk på annan måte.

Utdanningsforbundet er i hovudsak samd i at ein bør unngå dobbeltregulering. Vi har tidlegare peika på at omsynet til å unngå dobbeltregulering i sjølve opplæringslova ikkje utan vidare førte til at lova vart meir brukarvennleg då ein fjerna lovreglar ved å vise til samanfallande reglar i kommunelova og forvaltningslova, som mange brukarar ikkje kan forventast å kjenne til. I denne høyringa er vi samde om at reglar i lova ikkje i tillegg bør gå fram av forskrifta.

Les mer: Høyringuttale (pdf, 88 kB)