Spørsmål og svar om endringar i barnehagelova

Regjeringa har foreslått ein ny finansiering og regulering av private barnehagar. Her finn du svar på nokre av dei viktigaste spørsmåla rundt forslaget.

Regjeringen har sendt sitt forslag til endringar i barnehagelova og nytt system for styring og finansiering av barnehagesektoren på høring med frist 1. februar. 

Les Utdanningsforbundets høyringssvar

Utdanningsforbundet meiner at alle barnehagar skal ha gode og føreseielige rammevilkår. Samstundes må reguleringa sikre demokratisk styring av heile barnehagesektoren og gjennomsiktighet i dei private barnehaganes drift, slik at offentlege midlar og foreldrebetaling kjem barna i barnehagen til gode.

Nei, kommunen kan ikkje flytte barn som har fått plass i ein privat barnehage over til ein kommunal barnehage, dersom foreldra ikkje har søkt om overflytting. 

Nei. Departementet føreslår at kommunen skal kunne redusere talet på barnehageplassar ein barnehage er godkjent for. Men dette skal berre gjelde når det er naudsynt for å hindre overkapasitet.

Kommunen har også plikt til å likebehandle private og kommunale barnehagar (når den utfører oppgåver som barnehagemyndighet, jf. Barnehagelova § 11). Det inneber at kommunen ikkje kan redusere plassar i berre éin privat barnehage. Reduksjonen i talet på barnehageplassar skal fordelast jamt mellom barnehagane, private og kommunale.

Nei. Tilsette vil ikkje miste jobben som ein direkte konsekvens av lovforslaget.

Men ein nedgang i talet på barnehagebarn, og dermed talet på barnehageplassar, kan imidlertid føre til nedlegging av plassar både i kommunale og private barnehagar. Dette kan igjen føre til reduksjon i talet på tilsette.

Utdanningsforbundet er opptatt av at tilsette både i private og kommunale barnehagar skal ivaretakast på best mogleg måte, og både lovverk og tariffavtalar har klare bestemmelser om dette. Våre tillitsvalde har kunnskap om dette og vil bistå våre medlemmer i slike prosessar.

I vurderingar av korleis ein barnehage skal gjennomføre ei eventuell nedbemanning, skal reglar og krav i lovverk og tariffavtalar følgjast, mellom anna kapittel 15 i arbeidsmiljølova. I § 15-1 står det: Før arbeidsgivar fatter beslutning om oppseiing, skal spørsmålet så langt det er praktisk mogleg drøftast med arbeidstakar og med arbeidstakar si tillitsvalde.

Dersom barnehagen du er tilsett i, høyrer til ein barnehagekjede, vil du ha fortrinnsrett til stillingar i barnehagekjeda. Ein oppseiing i eit konsern vil ikkje være sakleg grunngitt dersom det er anna passande arbeid å tilby deg som arbeidstakar innanfor konsernet. Tilsette i enkeltståande barnehagar har ikkje denne moglegheita. Utdanningsforbundet meiner derfor at tilsette i private barnehagar som blir overtalige ved kapasitetsjusteringar må få ein eller annan form for fortrinnsrett til ledige stillingar i kommunale barnehagar.

Nei. Ved berekning av tilskot skal kommunen vekte om barnehagen er ordinær, familiebarnehage eller open barnehage, talet på barn og barnas alder, barnegruppenes samansetning og behov, tilsette sine lønns-, pensjons- og arbeidsforhold, geografisk plassering og vilkår gitt ved etableringsgodkjenning.

Det kan bety at kommunen kan ta omsyn til barnehagens storleik eller plassering, noko dei ikkje har kunna ta omsyn til tidlegare. For særleg små barnehagar kan dette vere positivt, uavhengig av kven som eig barnehagen.

Nei. Det er tvert imot ein god del som tilseier at den nye finansieringsmodellen kan vere meir gunstig for enkeltståande private barnehagar enn dagens finansieringssystem. Kommunen får til dømes moglegheit for differensiering ut frå barnehagens kostnadsnivå, noko som kan vere positivt for mindre barnehagar.

Barnehagane blir i dag styrt ut frå eit marknadsbasert stykkprissystem, der pengane følgjer barna. Denne finansieringsmodellen har ført til ein nedgang i ideelle og enkeltståande barnehagar, og ein auke i talet på barnehagar som tilhøyrar ein kommersiell barnehagekjede.

I den nye finansieringsmodellen får kommunane moglegheit til å ta fleire omsyn og prioritere ut frå andre prinsipp enn berre talet på barn i barnehagen, til dømes befolkningas behov, busettingsmønster og variasjon i tilbodet.

Dei enkeltståande barnehagane er ofte populære, og mange av dei representerer eit mangfald i sektoren. Mange enkeltståande barnehagar vil derfor truleg kunne overleve og få ein betre tilpassa finansiering enn i dag.

Nei. Kommunen må framleis likebehandle kommunale og private barnehagar, både ved tildeling av tilskot og når den utfører andre myndeoppgåver. Likebehandling betyr at like tilfelle skal behandlast likt, medan ulike tilfelle kan behandlast ulikt. Ulike tilskot må grunngjevast fagleg og behandlast etter forvaltningslova.

Kommunane må framleis følgje og finansiere bemanningsnorm, barnehagelov og pedagogisk bemanning. I tillegg blir kommunane gitt høve til å stille forsterka krav dersom dei også finansierer desse krava både i kommunale og private barnehagar.

Nei. Departementet vil vidareføre kommunens lovfesta plikt til å leggje til rette for ein samordna opptaksprosess. Foreldrenes ønsker og behov skal tilleggjast stor vekt ved sjølve opptaket, jf. Barnehageloven § 17 første ledd tredje punktum.

Ja, samla sett vil dei foreslåtte endringane kunne dempe konkurransen mellom barnehagane. Dette meiner Utdanningsforbundet er positivt. Barnehagefagleg innovasjon og utvikling skjer gjennom samarbeid mellom barnehagar og innad i barnehagelærarprofesjonen. Forsking viser at konkurranse i barnehagesektoren fører til at barnehagane vektlegg det som er synleg for foreldra, som for eksempel opningstider og varm lunsj. Viktig pedagogisk arbeid, som ikkje er like synleg, kan dermed bli nedprioritert.

Dei føreslåtte endringane vil ikkje endre krava til bemanning og barnehagelærarar. For Utdanningsforbundet er det viktig at dei foreslåtte endringane ikkje fjernar behovet for strenge nasjonale normer. Tvert imot meiner Utdanningsforbundet at dersom dei foreslåtte endringane i barnehagelova blir vedtekne, vil dette auke behovet for ein strammare nasjonal regulering på fleire område. Dette gjeld særleg krav til kompetanse og bemanning.

I departementet sitt forslag skal kommunane vektleggja tilsettes lønns- og arbeidsvilkår når dei skal rekna ut tilskotet til private barnehagar, men det er ikkje foreslått noko krav om likeverdige lønns- og arbeidsvilkår.

For Utdanningsforbundet er det heilt avgjerande at medlemmene våre sikrast gode løns-, pensjons- og arbeidsvilkår. Utdanningsforbundet meiner difor det er bra at det skal leggjast vekt på tilsettes løns- og arbeidsvilkår, slik at t.d. barnehagar som har mange med høg ansiennitet eller lang utdanning kan bli kompenserte for dette.

Utdanningsforbundet er likevel ikkje fornøgde med denne delen av forslaget. Utdanningsforbundet er skuffa over at regjeringa ikkje følgjer opp sitt eige løfte i Hurdalsplattforma om at det skal lovfestast at tilsette i private barnehagar skal ha lønns- og arbeidsvilkår på linje med tilsette i offentlege barnehagar.

Utdanningsforbundet meiner at dette vil vera eit viktig tiltak for tilsette i barnehagar utan tariffavtale. Utdanningsforbundet meiner også at forslaget ikkje gir tydelege nok retningslinjer for kommunane. Utdanningsforbundet meiner at forslaget burde vera tydelegare på at barnehagar som ikkje har gode lønns- og arbeidsvilkår kan få mindre i tilskot. Utdanningsforbundet meiner også at kommunar bør kunna setja krav om tariffavtale som eit vilkår.

Dette meinar Utdanningsforbudet om dagens ordning

Utdanningsforbundet meiner dagens ordning med eit fast pensjonstillegg på 10 prosent ikkje fungerer. Dette tilskotet gjer at mange barnehagar ikkje får dekt pensjonskostnadene sine, medan andre får meir i tilskot til pensjon enn dei faktisk brukar. Samtidig får mange barnehagar avslag når dei søkjer om å få dekt pensjonskostnader som er høgare enn det ordinære tilskotet. Utdanningsforbundet meiner at dette ikkje kan fortsetje og at dette på sikt kan undergrava pensjonen til tilsetja i barnehagane.

Utdanningsforbundet meiner at den beste løysinga for både å sikra tilsetja gode pensjonsordningar og barnehagane gode rammevilkår er at barnehagane får dekt dei faktiske pensjonskostnadene. På denne måten vil barnehagar med høge pensjonskostnader få dekt desse, medan barnehagar med låge kostnader ikkje får meir tilskot enn dei treng.

Utdanningsforbundet meiner at mange kommunar ikkje vil vere i stand til å ta det auka ansvaret forslaget legg opp til. Utdanningsforbundet meiner at dette er eit problem i mange kommunar allereie i dag. Utdanningsforbundet meiner derfor at det må innførast eit krav om at barnehagemyndigheita i kommunen har barnehagefagleg kompetanse. 

Departementet føreslår at kommunane skal få høve til å regulere minimumsopningstida til barnehagane.

Utdanningsforbundet meiner at hovudproblemet i dagens barnehagesektor ikkje er at barnehagane har for kort opningstid, heller tvert imot. Barnehagane opplever eit press frå foreldre og arbeidsgivarar om å utvide opningstida så mykje som mogleg. Mange barnehagar har i dag svært lang opningstid utan at bemanninga er auka tilsvarende. Utdanningsforbundet meiner derfor at kommunane bør få høve til å setje ein øvre grense for barnehagens maksimale opningstid. Dette kan bidra til å sikre betre bemanning i større delar av opningstida.

Departementet føreslår at kommunen skal få høve til å setje ein maksimal grense for kostpengar som gjeld alle barnehagar i kommunen.

Utdanningsforbundet meiner at alle barn skal ha tilgang til eit gratis utdanningstilbod. Dette gjeld også barn i barnehage. Høg foreldrebetaling kan føre til at foreldre med dårleg økonomi ikkje sender barna i barnehagen eller vel bort barnehagar med høg foreldrebetaling. Utdanningsforbundet meiner at dette kan føre til at barn blir skilde på grunnlag av foreldrenes økonomi. Av den grunn er Utdanningsforbundet bekymra for at enkelte barnehagar har så høge kostnader at enkelte familiar må velje bort desse barnehagane. Utdanningsforbundet støttar difor at kommunane skal få høve til å setje ein grense for kor høge kostpengane skal vere.

Forslaget legg opp til at kommunane kan stille vilkår med krav til innhaldet i barnehagetilbodet når dei fatter vedtak om tildeling av tilskott.

Utdanningsforbundet støttar at kommunane kan stille vilkår til dei private barnehagane om til dømes bemanning ut over nasjonale minstenormer eller fleire barnehagelærarar - så lenge dei private barnehagane blir fullt ut finansierte frå første dag. Utdanningsforbundet trur dette kan auke sannsynet for at nokre kommunar gjennomfører satsingar ut over nasjonale minstenormer både i kommunale og private barnehagar når dei kan vere sikre på at pengane blir nytta til føremålet.

Ja. Departementet føreslår å lovfeste at kommunen kan stille vilkår med krav til innhaldet i barnehagetilbodet når ho fatter vedtak om tildeling av tilskott, og at desse krava vil være bindande på same måte som krava som følgjer av barnehagelova.

Utdanningsforbundet støttar ikkje dette forslaget. Det vil i praksis innebere at kommunen kan stille krav om bruk av bestemte program, kartleggingar eller arbeidsmåtar i private barnehagar. Denne typen kommunal detaljstyring av det pedagogiske innhaldet i barnehagen snevrar inn barnehagens mandat og svekkjer barnehagelæraranes faglege skjønn.

Departementet føreslår fleire ulike endringar som gjer at kommunane kan ta avgjersler som vil påverke dei tilsette i private barnehagar.

Utdanningsforbundet meiner det er heilt avgjerande at dei tilsette og deira tillitsvalde får høve til reell medbestemming i avgjerdsprosessar som angår deira arbeidsplass. Dette vil ikkje berre kunne bidra til at dei tilsette sine interesser blir ivaretekne, men vil også kunne bidra til eit betre avgjerdsgrunnlag. Reell medverknad vil bidra til eit betre barnehagetilbod for barna, sidan det er dei tilsette og deira tillitsvalde som har størst kunnskap om den faktiske situasjonen i barnehagane. Utdanningsforbundet meiner at departementet sitt forslag ikkje tar omsyn til dette.

Departementet føreslår å gi kommunen høve til å endre godkjent tal barnehageplassar kvart 10. år ved overkapasitet i heile eller delar av kommunen. Regelen gjeld berre for komande opptak. Ein eventuell reduksjon av plassar skal fordelast jamt mellom barnehagane i kommunen, både private og kommunale barnehagar, men kommunen skal også ta omsyn til at det kan vere ulikt behov for plassar i ulike delar av kommunen.

Utdanningsforbundet meiner at foreldre si val bør tilleggjast stor vekt, men meiner kommunen i enkelte situasjonar må kunne justere talet på barnehageplassar i kommunen. For Utdanningsforbundet er det viktig at det sikrast eit best mogleg barnehagetilbod for alle barnehagebarn i ein kommune - uavhengig om dei går i ein privat eller ein kommunal barnehage. I nokre situasjonar kan det vere naudsynt å justere barnehagestrukturen for å sikre dette. Utdanningsforbundet meiner derfor at folkevalde politikarar i ein kommune bør ha adgang til å redusere talet på plassar under strenge vilkår.

Utdanningsforbundet meiner det er avgjerande at barnehagane har høve til å oppretthalde ein økonomisk forsvarleg drift etter ein kapasitetsreduksjon. Dette er kanskje særleg viktig for dei minste barnehagane. Utdanningsforbundet meiner at forslaget ikkje tek nok omsyn til dette.

For Utdanningsforbundet er det avgjerande at omsynet til arbeidsplassane til dei tilsette i både dei private og kommunale barnehagane blir tillagt betydeleg vekt. Det bør også tydeleg framgå korleis dei private barnehagane og deira tilsette skal inkluderast. Utdanningsforbundet meiner at dei tilsette sine tillitsvalde må få ein tydeleg rolle i samhandlingsprosessane mellom kommunen og dei private barnehagane. Dette er særleg viktig i saker som potensielt kan påverke dei tilsette sine arbeidsplassar. Det er ikkje tilstrekkeleg at berre eigaren får kome med innspel.

Utdanningsforbundet meiner at departementet burde vurdert om tilsette i private barnehagar som blir overtalige ved kapasitetsjusteringar i private barnehagar kunne få ein eller annan form for fortrinnsrett til ledige stillingar i kommunale barnehagar. Dette vil både gi dei tilsette auka tryggleik og ansvarleggjere kommunen.

I forslaget skal kommunen utarbeide ein lokal forskrift for berekning av driftstilskot til private barnehagar. Det skal vere nasjonale reglar for korleis kommunane skal reknast ut tilskot. Alle kommunar må vektlegge om det er ein ordinær barnehage, familiebarnehage eller open barnehage, tal barn og barnas alder, sammensetning og behov i barnegruppene, lønns-, pensjons- og arbeidsforhold for tilsette, geografisk plassering og vilkår gitt ved etableringsgodkjenning.

Det blir også foreslått å lovfeste at føremålet med foreldrebetaling og driftstilskot skal vere at borna i kommunen får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. Dette er ein endring frå i dag, der likeverdig behandling av eigarar er hovudføremålet.

Utdanningsforbundet meiner dagens tilskotsordning ikkje fungerer bra. Om lag 40 prosent av alle private barnehagar går med underskot. Samtidig ser vi at enkelte eigarar har tjent store beløp på å drive barnehagar. Utdanningsforbundet meiner at dette viser at tilskotssystemet må endrast.

Utdanningsforbundet støttar at føremålet med foreldrebetaling og driftstilskot skal vere at borna får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. Dette betyr at kommunane i større grad må ta omsyn til at ulike barnehagar har ulike behov. Og når kommunane skal fastsette lokale forskrifter, vil dette føremålet sette ein viktig ramme for korleis dei skal gjere dette. Ulike barnehagar har svært ulike kostnader, noko som kan skuldast ulik storleik, for eksempel.

Utdanningsforbundet støttar intensjonen bak forslaget om at tilskot i større grad skal tilpassast kostnadsforskjellar mellom barnehagane. Forslaget opnar også opp for at tilskotet ikkje berre blir basert på tal barn. Utdanningsforbundet trur dette kan bidra til meir stabil økonomi, særleg for små barnehagar som ikkje blir like avhengige av å fylle opp alle plassane. Utdanningsforbundet trur også dette vil dempe konkurransen i sektoren og bidra til å flytte fokuset vekk frå lett synlege kvalitetsindikatorar til det viktige og ikkje så lett synlege pedagogiske arbeidet.

Departementet understrekar at alle barnehagar fortsatt skal sikrast tilskot som gjer at dei kan drive i samsvar med krava i nasjonalt regelverk og meiner at forslaget vil kunne bidra til at tilskotet tilpassast betre til ulike private barnehagers kostnadsnivå. Utdanningsforbundet meiner at alle barnehagar som eit absolutt minimum må ha økonomiske rammevilkår slik at dei kan oppfylle nasjonalt regelverk. Utdanningsforbundet meiner at forslaget burde vore langt tydelegare på korleis kommunane faktisk skal sikre dette, og meiner at forslaget må bli betre på dette. Utdanningsforbundet meiner også at forslaget burde innehalde framlegg som kunne sikre dei private barnehagane større forutsigbarheit.

Forslaget vil føre til ei større grad av regulering og offentleg styring over barnehagesektoren, noko som kan påverke større barnehagekjeder. Dagens system har gitt rom for ein veksande kommersialisering og konserndanning i barnehagesektoren.

Den nye finansieringsmodellen vil i større grad leggje vekt på omsynet til barna, foreldra og lokalsamfunnet. Det vil vere avgjerande at større barnehagekjeder tilpassar seg dei nye rammene og det nye regelverket.

Barnehagekjeder må tilpasse seg dei krava som kjem frå kommunen og følgje dei nye reglane for finansiering. Det vil kome tydelegare krav til kvalitet, pedagogisk innhald og likeverdigheit i sektoren.

Ja. Dersom det blir fatta vedtak om kapasitetsjusteringar, kan barnehageeigaren klage på vedtaket til Fylkesmannen etter forvaltningslova. Fylkesmannen vil vurdere om vedtaket er i tråd med regelverket og forsvarleg, og ta stilling til klagen. Dersom barnehageeigaren ikkje er einig i Fylkesmannen sitt vedtak, kan saka bringast inn for domstolane.

Fylkesmannen vil også ha fullmakt til å gi pålegg og rettleiing dersom vedtaket ikkje er i tråd med regelverket. I tillegg kan også barnehagen sine tilsette klage dersom dei er ueinige i vedtaket om kapasitetsjusteringar.