Stor støtte til lærarstreiken

Utdanningsforbundet har vore i streik sidan juni. Støtteerklæringar strøymer inn frå fleire hald.

Under ser du lista over alle som stør streiken. Den vert oppdatert fortløpande.

Lista vert oppdatert fortløpande.

Av andre utanfor Unio er vi særs takksame for uttrykt støtte frå: 

– Lærarar er mellom dei med lengst utdanning i kommunane. Kunnskapsrike og kloke lærarar er den viktigaste innsatsfaktoren for elevane. Då må det løne seg for lærarane å ha investert i ei lang utdanning.

Det seiar leiar av Unio, Ragnhild Lied. Ho leiar Noregs største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning, med over 389.000 medlemmar fordelt på 14 medlemsforbund.

Fleire enkeltforbund i Unio-familien har òg uttrykt si støtte til lærarane. Mellom dei er Akademikerforbundet, Det norske maskinistforbund og Norsk Ergoterapeutforbund.

Tøft å stå i streik

I si støtteerklæring skriv Bibliotekarforbundet at:

– Vi veit at det kan vere tøft å stå i ein streik, men vit at vi er mange som stør dykk. Vi treng kvalifiserte og motiverte lærarar!
Bibliotekarforbundet

Forbundsleiar i Politiets Fellesforbund, Unn Alma Skatvold, seier dei stør lærarane sin kamp for ein reell lønsvekst.

Også Norsk Sykepleiarforbund (NSF) seier at dei respekterer lærarorganisasjonane si vurdering om å gå til streik, sjølv om dei valde å akseptere lønsoppgjeret ut ifrå ei heilskapsvurdering.

Brei støtte nasjonalt og internasjonalt

Utover Unio-familien har det kome støtte til lærarstreiken frå tunge forbund i privat sektor i LO. Mellom dei er Fellesforbundet, Handel og Kontor, El og IT Forbundet og Heismontørane. Fellesorganisasjonen har også uttrykt si støtte.

– Vi stør arbeidstakaranes rett til å kjempe for meir løn og stør sjølvsagt læraranes rett til å streike for sine krav, seier Jørn Eggum til Klassekampen. Han er leiar i Fellesforbundet, det største forbundet i privat sektor. 

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby, seiar at betre lønsvilkår vil gagne elevane på sikt.

– Det er kanskje dårleg timing for streiken, men det vil det alltid vera. Det viktigaste er saken – at alle elevar har lærarutdanna lærarar. Difor stør vi lærarstreiken!
Aslak Berntsen Husby, leder Eleveorganisasjonen

Òg ei samla nordisk lærarrørsle sende si støtte til dei norske lærarane på det digitale streikearrangementet 29. august.

«KS speler høgt»

Det har vore mykje diskusjonar kring tal i denne streiken. KS meiner bestemt at det ikkje er noko lærarkrise i landet og at det ikkje er rett at lærarane tapar i lønsutviklinga. Det får leiaren i Forskarforbundet til å reagere.

– Det er skuffande at KS vel å opptre så lite kunnskapsbasert og konsekvent feiltolke den offisielle statistikken frå teknisk berekningsutval (TBU).
Guro Elisabeth Lind, leiar i Forskarforbundet

Ho held fram:

– Talgrunnlaget er krystallklart. Lærarane har hatt dårleg lønsutvikling, og fortener eit lønsløft.

Dette utsegnet får støtte frå Unio-leiar Ragnhild Lied.

  – At partar som er i konflikt har ulike syn på situasjonen er nokså vanleg. Men at KS prøver å vri seg unna talgrunnlaget frå TBU er uakseptabelt, seiar Lied.

Ho meiner at KS speler høgt.

– Det spørst kor lenge sentrale politikarar kan stå på sidelina og sjå på kor uklokt KS og kommunesektoren forvaltar ansvaret dei har for ein av dei viktigaste nasjonale institusjonane.

Saman er vi sterke!

Og kanskje fleire vil følgje oppfordringa som Norsk Ergoterapeutforbund kjem med til sine medlemmar:

–  Vi vil vende oss til våre medlemmar på deira streikestadar, for å bidra til at dei viser sin støtte til Utdanningsforbundet lokalt.

For som Lied seier:

– Solidaritet er ein del av fagrørsla sitt DNA.