- Kommunane bør få større handlingsrom

– Me er positive til at kommunane får reiskapane dei treng til å skapa ein meir einskapleg barnehagepolitikk. Men det er avgjerande at dei private barnehagane blir sikra føreseielegheit og at dei tilsette får rom til å bruke sitt profesjonelle skjønn, seier nestleiar Ann Mari Milo Lorentzen om nye reglar for finansering av private barnehagar.

I november foreslo regjeringa endringar i barnehagelova og nye reglar for finansering av private barnehagar. 1. februar går høyringsfristen på forslaget ut. Utdanningsforbundet har no levert inn vårt høyringssvar.

Regjeringa foreslår:

  • Å lovfesta at formålet med foreldrebetaling og tilskot til private barnehagar er at alle i kommunen får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet 
  • å lovfesta at kommunen skal berekna og gi driftstilskot. Kommunen skal også gi eit separat tilskot til eigedom. 
  • å lovfesta at kommunen kan stilla krav ved tildeling av tilskot 
  • å innføra etableringsgodkjenning for private barnehagar 
  • å gi kommunane høve til å redusera talet på barn ein barnehage er godkjend for kvart 10. år 
  • å gi kommunane høve til å laga lokale forskrifter om prioritering ved opptak av barn, bemanning, krav til kompetanse, minimum opningstid, og maksimalt nivå for foreldrebetaling og kostpengar 
  • å stramma inn regelverket for handel med nærståande 
  • å presisera at alle innkjøp som blir belasta barnehagen skal stå i rimeleg forhold til det barnehagen treng 
  • å lovfesta at barnehagen ikkje skal låna ut pengar som stammar frå offentlege tilskot eller foreldrebetaling (overskotslikviditet)

Utdanningsforbundet støttar regjeringa i at det er behov for å gi kommunane større handlingsrom til å stilla krav til dei private barnehagane, og til å kunna tilpassa finansieringa av dei private barnehagane ut frå behovet til barnehagane.

– Me er positive til at kommunane får reiskapane dei treng til å skapa ein meir einskapleg barnehagepolitikk, seier 1. nestleiar Ann Mari Milo Lorentzen.

Les også: Spørsmål og svar om endringar i barnehagelova

– Men det er avgjerande at dette blir gjort på ein slik måte at dei private barnehagane blir sikra føreseielegheit og at dei tilsette får rom til å bruke sitt profesjonelle skjønn, seier Milo Lorentzen.

Bekymra for ressursmangel

Utdanningsforbundet støttar mange av forslaga frå regjeringa, men er samtidig bekymra for at kommunar manglar kapasiteten til å ta det auka ansvaret forslaga vil innebera.

Dersom regjeringa skal lykkast med å sikra betre demokratisk styring av sektoren, er det avgjerande at kommunane har tilstrekkeleg og kompetent personale i rolla som barnehagestyresmakt. Dei foreslåtte endringane vil for mange kommunar truleg krevja auka ressursar og kompetanse innan ei rekkje område, mellom anna innan barnehagepedagogikk, jus og økonomi.

– Mange kommunar har svært knappe ressursar til denne oppgåva også i dag. Me meiner derfor at den store ansvarsutvidinga må følgjast opp med at kommunane får tildelt auka ressursar, slik at alle kommunar kan forvalta det auka ansvaret på ein god måte, seier Milo Lorentzen.


For Utdanningsforbundet er det svært viktig å understreka at dei foreslåtte endringane ikkje fjernar behovet for ei tydeleg nasjonal regulering av barnehagesektoren samla sett, meiner ho.

– Viss desse foreslåtte endringane blir vedtekne, vil dette auka behovet for ei strammare nasjonal regulering på fleire område. Dette gjeld særleg krav til kompetanse og bemanning, seier Milo Lorentzen.

Løyser ikkje pensjonsspørsmålet

Utdanningsforbundet meiner også at nokre viktige tema er utelatne frå regjeringsforslaget. Dette gjeld mellom anna forslaget om dekning av pensjon, der forslaget i høyringsnotatet ikkje vil løysa dei problema me ser i dag. I staden meiner Utdanningsforbundet at ein bør utarbeida ei ordning med kostnadsdekning.


Utdanningsforbundet saknar også at høyringsnotatet i større grad framhevar viktigheita av å involvera dei tilsette og tillitsvalde deira i ulike kommunale avgjerder. Her framhevar me at tilsette i kommunale og private barnehagar må givast reell medråderett i dei prosessane som blir diskuterte.