Er fire timar nok?

For at barna i barnehagen skal få det dei treng, treng barnehagelæreren nok planleggingstid til å oppdatert seg og setta seg inn i behova til barna i barnehagegruppa.
Publisert: 04.06.2019
Om det er nok med fire timar, eller behov for meir tid, skal drøftast i kvar barnehage. Dette presiserte kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Rogaland, Kari Holmøy i medlemsmøtet i Sauda måndag 3. juni. Ho oppfordra styrarane og dei tillitsvalde til å bruka Utdanningsforbundet sitt materiell i medbestemmelsesmøta.
Kari Holmøy peika og på korleis det kan jobbast konstruktivt opp mot foreldra og politikarane, for å få fram utfordringane i barnehagen.
Det var ein engasjert gjeng medlemmer, både frå privat og kommunalt hald som saman med lokallagsleiaraen måtte erkjenna, at her har me saker, me treng å jobba vidare med - særleg arbeidstid og pedagognorm.