Petter Uteligger - 52 dager på gata

Publisert: 25.10.2023

I år som i fjor ynskja Utdanningsforbundet Sauda å støtte mental Helse med å sponse medlemmene våre med billettar til årets innslag på verdsdagen for psykisk helse, Petter Uteligger.

I fyrste omgang reserverte UDF Sauda 40 billettar, men grunna stor pågang var nesten 70 av våre medlemmer på plass i eit utseld Folkets Hus. Det er ein tredel av medlemsmassen vår!

 Kvelden starta med nokre flotte musikalske innslag, før Petter entra scena og leverte varene med eit engasjerande føredrag som varte i over halvannan time. Med gode ord og innslag engasjerte han publikum på sitt folkelege vis med mange ulike innfallsvinklar til temaet psykisk helse. Trass alvorlege og delvis tunge bodskap hausta Nyqvist både latter og tårer frå salen. Spesielt gjensynet med Svein frå serien "52 dager på gata" varma publikum. 

Mental Helse Sauda fekk òg vist seg fram og presentert sitt arbeid og planar for framtida. Dei gjer ein særs viktig jobb som me ikkje alltid ser, av forståelege grunnar. UDF Sauda takkar for ein flott og inspirerande kveld i lag!