Årsmøte Utdanningsforbundet Sauda 2024

Publisert: 21.03.2024

Onsdag 20.mars blei det avholdt årsmøte i storesalen på Folkets Hus.

I år kolliderte diverre årsmøtet med andre arrangement, blant anna "Skulens Kveld", noko som førte til lågare oppmøte enn forventa. Slik må ein rekne med i travle tider, men mange klarte likevel å ta turen. 

Etter velkomsttale frå lokallagsleiar blei me underhaldt med eit piano- og songnummer av Mariell Thingbø frå kulturskulen. Mariell imponerte med både stødig og nydeleg framføring!

Me hadde i år rekordmange saker, 12 i talet, og det blei og diskutert godt på enkelte av sakene. Nokon blei omformulert før vedtak. Ei sak som ikkje gikk gjennom var forslaget om å fjerne vedtektene for å tilstrebe minimum 50% kvinner i ulike organisasjonsledd. Me fekk gode og viktige innspel på denne saka og. Veldig kjekt når årsmøtet engasjerer! Saker som gikk igjennom var blant anna at ein bør jobbe for å auka kontaktlærartillegg for lærarar med meir enn 20 elevar, og å auke ped.leiartillegg i barnehagen for å sikre å "rekruttere og behalde". I tillegg vedtok årsmøte å tildele penger til årets TV-aksjon for barnekreftforeningen, vennskapssamarbeidet Sauda - San Juan del sur og Flyktninghjelpen. Bente Dolmen Wigelius dirigerte årsmøtet fortreffeleg i lag med ordstyrar Irene Helle Hauge. 

Etter årsmøtet hadde fylkesleiar Elin Djuve ei helsing frå fylkesslaget til årsmøtet. Ho hadde klare bodskap om både "tid for dei minste" og årets lønnsoppgjer. Med tanke på fjorårets lønnsoppgjer, som var av det betre slaget, minna ho oss på at "ein svale gjer ingen sumar". 

Stefan Moen Søfting blei vald til lokallagsleiar og HTV for to nye år, medan Astrid Sandvik, Susanne Kvaløy og Anny Victoria Rustad blei vald inn i styret. 

Årsmøtet avslutta med nydeleg middag servert av "Grenseløs". Det smakte ypperleg! Takk for engasjementet!