Styreseminar i Stavanger

Publisert: 31.01.2024

Førre veke reiste styret og nokre tillitsvalde til Stavanger på styreseminar.

Torsdag var det klart for opplæring i styrearbeid for lokallaget med fokus på kva oppgåver styret er ansvarlege for å gjennomføra. Me lærte litt om ulike vedtekter som gjeld for lokallaget, handlingsplanar og ikkje minst kven som er ansvarlege for å gjennomføre ulike saker og ting, blant anna årsmøte. Me hadde ein lærerik dag på kontoret til UDF Rogaland i Løkkeveien saman med Espen og Hogne, og fekk samstundes helsa på dei mange tillitsvalde og tilsette på fylkeskontoret. 

Fredag hadde me styremøte, mr lærte korleis ein skal skrive digitale reiserekningar og me jobba med årsmøtesaker. Styret har allereie mange saker på dagsorden for årsmøtet, så no oppfordrar me klubbane, tillitsvalde og medlemmer om å sette seg ned og jobbe fram saker til årsmøtet 20.mars. 

Tidsfristar:

15.februar: Årsmøtet skal annonserast til medlemmene med tid, lokasjon og foreløpig saksliste.

29.februar: Alle som vil melde inn saker til årsmøtet må levere inn saker til [email protected] innan denne datoen. 

06.mars: Endeleg saksliste og innkalling vil bli sendt ut. Påmelding open. Informasjon på e-post.  

13.mars: Frist for påmelding for alle som ynskjer mat, meny vil ligge i påmeldinga. 

20.mars: Årsmøte(som er åpent for alle medlemmer sjølv om ein ikkje har bestilt mat)

 

Mvh Stefan