Presentasjon av kandidatane til nytt sentralstyre

Valkomiteen la nyleg fram si innstilling til nytt sentralstyre. Her kan du bli betre kjent med dei 22 kandidatane som er føreslått.

Valkomiteen i Utdanningsforbundet la for halvannan veke sidan fram si innstilling til ny leiing og nytt sentralstyre i Utdanningsforbundet. Her kan du bli betre kjend med valkomiteen sine kandidatar til nytt sentralstyre. 

Totalt er det 22 personar som valkomiteen meiner er dei best eigna kandidatane til å bli medlemar av eller varamedlemar til det nye sentralstyret i Utdanningsforbundet – som startar si verksemd frå nyttår. Valkomiteen har lagt eit formidabelt og grundig arbeid bak seg, der ein rekke kandidatar har blitt grundig vurderte.

– Vi har basert vår innstilling på forslag og dei nominasjonane av kandidatar som vi har fått, og så har vi i  valkomiteen førespurt nokre kandidatar, seier leiar av valkomiteen, Ottar Stordal.

– Det har vore eit omfattande arbeid, der vi har deltatt i møter i ulike råd, utval og forum. Vi har òg  følgt to sentralstyremøte digitalt. Vi har  gjennomført intervju av alle kandidatar til sentralstyret, både ordinære og vara, i alt 45 personar. I tillegg til dette er alle kandidatane til kontrollkomiteen òg intervjua, seier Stordal.

Sørlendingen, med fortid som fylkesleiar i Utdanningsforbundet Agder, er trygg på at valkomiteen har levert ei god innstilling.

– Vi har hatt svært mange gode kandidatar, og vi meiner vi har funne fram til dei beste kandidatane til eit nytt sentralstyre. Stordal peiker samstundes på at begge innstillingane, både med éin og to nestleiarar, er det ein samla valkomité som står bak.

«Riktig og viktig at det kan stillast motkandidatar»

Stordal er likevel rask med å understreke at innstillinga sjølvsagt ikkje er einstydande med at det nye sentralstyret blir sjåande slik ut.

– I dei fleste tilfelle vil nokon meine at ein kandidat er god, andre meiner ein annan er betre, og det vil truleg òg kome til uttrykk på landsmøtet når det gjeld nokre av plassane.

– Men: I ein demokratisk organisasjon er det heilt naturleg. Det er både riktig og viktig at det kan stillast motkandidatar til vår innstilling om nokon meiner andre kan gjere ein betre jobb enn dei kandidatane valkomiteen har føreslått, understrekar Stordal.

Kriterium som må følgjast

Det blir altså opp til landsmøtet den 7. og 8. november å avgjere om kandidatane under skal inn i sentralstyret som medlemar eller varamedlemar. Samtidig er det viktig å hugse på at det er nokre kriterium som må følgjast. Desse finn du i paragraf 15 av Utdanningsforbundet sine vedtekter. Kort fortald skal minst halvparten av dei innvalde være kvinner (innstillinga har sju kvinner og seks menn), inga medlemsgruppe skal ha over 50 prosent representasjon (høgast i denne innstillinga er grunnskule med 38 prosent, fem av 13 representantar), alle medlemsgrupper skal være representerte og det skal vere minst ein leiarrepresentant.

Sjølv om vedtektene ikkje seier noko om geografi, så har valkomiteen òg tatt geografi med i vurderinga som er gjort. Valkomiteen har òg vore oppteken av å få eit sentralstyre med noko spreiing i alder.

– Vi kan ikkje verte ein organisasjon kor alle i sentralstyret er over 50 år, seier Stordal.

På bakgrunn av dette har altså valkomiteen kome fram til følgjande innstilling, som du kan lese meir om her.