Evaluering av Lærarprofesjonen sitt etiske råd 2020–2023

Utdanningsforbundet har gjennom år ønska å vera ein pådrivar for ein etisk forsvarleg praksis. Eitt av tiltaka var å opprette eit etisk råd for lærarprofesjonen.

Last ned Evaluering av Lærarprofesjonen sitt etiske råd 2020–2023. Rapport 4/2023

På Utdanningsforbundet sitt landsmøte i 2019 vart det fatta vedtak om ei vidareføring av Lærarprofesjonen sitt etiske råd. I tillegg vart det fastsett at ein skulle gjennomføre ei evaluering innan det neste landsmøtet i november 2023.

Evalueringa av rådet

Evalueringa konkluderer med at Lærarprofesjonen sitt etiske råd innanfor dagens rammer har oppfylt mandatet sitt. Dette kjem til uttrykk i behandlinga av ei rekkje profesjonsetiske tema, der rådet har teke i bruk fleire arenaar enn tidlegare for å drøfte og formidle. I løpet av rådsperioden har det etiske rådet gjennomgått ein pandemi og har som fylgje av dette fått andre måtar å kommunisere med utdanningssektoren på enn tidlegare. Utfordringane covid-pandemien innebar, tok rådet tak i, og dei laga ein podkast for lettare å kunne kome ut til profesjonen med drøftingar rundt aktuelle tematikkar.

Lærarprofesjonen sitt etiske råd vart vedteke på landsmøtet til Utdanningsforbundet i 2015. Landsmøtet i 2019 fatta vedtak om å vidareføre rådet.

Ifylgje mandatet skal Lærarprofesjonen sitt etiske råd leiast av ein person som kjem frå profesjonen. Medlemmane er satt saman av fem representantar frå lærarprofesjonen og fire representantar med anna relevant fagkompetanse i tillegg til fire varamedlemmar.

Lærarprofesjonen sitt etiske råd sin autonomi og kor synlege dei er, er også eit tema for evalueringa. Synleggjeringa av rådet er tema her, slik som i evalueringa som OsloMet gjennomførte i 2018. Rådet har i inneverande periode teke i bruk nye plattformar for å kommunisere ut dei etiske drøftingane sine. Likevel er det tydeleg frå både rådsmedlemmane og leiaren av rådet at dei manglar støtte i å lyfte synleggjeringsarbeidet. Dette handlar om rådet skal verte meir aktive i sosiale media, og kunne nå ut til endå fleire i utdanningssektoren. Autonomien til Lærarprofesjonen sitt etiske råd vert eit anna sentralt tema for evalueringa. Lærarprofesjonen sitt etiske råd meiner at dei har eit ryddig og godt samarbeid med Utdanningsforbundet, som dei ynskjer å vidareføre. Likevel kunne rådet tenkt seg meir hjelp frå Utdanningsforbundet når det kjem til å synleggjere rådet sitt arbeid.

Pådrivararbeid for profesjonsetikk

Utdanningsforbundet har gjennom år ønska å vera ein pådrivar for ein etisk forsvarleg praksis. Eitt av tiltaka var å opprette eit etisk råd for lærarprofesjonen. Opprettinga på landsmøtet i 2015 blei ein måte å styrke profesjonen innanifrå og vart gjort mellom anna for å byggje tillit mellom lærarprofesjonen og samfunnet.

Evalueringar av rådet i 2018 og 2023

Då Lærarprofesjonen sitt etiske råd vart vedteke i 2015, hadde det på førehand føregått ein diskusjon rundt moglege konsekvensar av å opprette eit råd. På landsmøtet vart det difor vedteke at rådet skulle evaluerast. Oppdraget fekk OsloMet i 2017, og arbeidet deira skulle vera med på vurderinga om vidareføring ved landmøtet i 2019.

Hovudkonklusjonen frå evalueringa til OsloMet var at etableringa av rådet var eit riktig, viktig og framoverretta initiativ – og at rådet burde vidareførast og styrkast. Rapporten viste også til utfordringane til rådet, som mellom anna var knytt til organisering, behovet for meir etisk kompetanse, eit stort, omfattande mandat og prioritering av saker.

Då det vart fatta vedtak om ei vidareføring av Lærarprofesjonen sitt etiske råd på landsmøtet i 2019, vart det også fastsett at ein skulle gjennomføre ei evaluering i 2023 før landsmøtet i november same år. Evalueringa som fylgjer skal sjå på korleis Lærarprofesjonen sitt etiske råd, i perioden 2020–2023, har bidrege til å oppfylle mandatet sitt.

Les meir om Lærarprofesjonen sitt etiske råd på Utdanningsforbundet sine nettsider

Denne publikasjonen er utarbeidd i seksjon for samfunn og analyse i sekretariatet i Utdanningsforbundet.

Publikasjonen er forankra i politikken og verdigrunnlaget til Utdanningsforbundet, men er ikkje behandla i dei politisk ansvarlege organa i Utdanningsforbundet før han vert offentleggjort.