Styring av skulen: Å gjere det umogelege mogeleg

I desse dagar syner Det Norske Teatret stykket «Caligula» om den romerske keisaren som er kjend for si gale framferd.

I den norske oppsettinga av stykket, skrive av Albert Camus, er drivkrafta til keisaren at han skal kunne bruke makta si til å gjere det umogelege mogeleg. Både i stykket, og i røynda, gjekk det svært dårleg.

Camus skreiv stykket ferdig under andre verdskrigen, og det er openbert at stykket speglar ei samtid der herskarar med for mykje makt, utfører store overgrep på folket dei herskar over.

Heldigvis treng ikkje ynsket om «det umogelege» å føre oss ut i fascismen. Men trua på det er likevel trua på det avgrensa. Ofte er maskineriet, utviklinga og kompleksiteten av ei slik grad at politikken berre rullar vidare nærast av seg sjølv. Også i utdanningspolitikken.

Mot slutten av førre hundreår gjekk ein frå øyremerka tilskot til rammefinansiering av sektoren, og frå regelstyring til målstyring. I 2001 kom PISA-sjokket og sette fart i utviklinga av mål- og resultatstyring av utdanningssektoren. Innan få år fekk Noreg eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem med nasjonale prøver, kartleggingsprøver og elevundersøkinga.

No kunne ein reindyrke mål- og resultatstyring i skulesektoren. Kvart nivå skulle halde nivået under ansvarleg for talfesta resultat. Endringane som vart innført i åra etter 2001 var omfattande og djuptgåande, og dei var omstridt.

Utdanningsforbundet har lenge etterlyst ei heilskapleg utgreiing av kvalitetsvurderingssystemet og korleis dette har påverka norsk skule.

No har den utgreiinga kome og Utdanningsforbundet har i stor grad hatt rett i sin kritikk av systemet: På 20 år har ikkje systemet innfridd det dei lova: Elevane har ikkje blitt fagleg betre, styringsinformasjonen kan i beste fall kallast usikker, og systemet har mest truleg ført til ei målforskyving; over på ferdigheiter som kan målast og vekk frå det breie samfunnsmandatet som skulen har.

Likevel foreslår utvalet som er sett til å sjå på systemet berre små endringar i systemet. Slik rullar skulepolitikken vidare i same spor, heilt uavhengig av kven som styrer.

Evalueringa og forslaga til utvalet som har sett på systemet er eit utmerka høve nett til å gjere det umogelege mogeleg. Når regjeringa no har sagt at dei vil lande desse spørsmåla i den varsla 5.–10.-meldinga har dei eit unikt høve til å byte ut eit utskjelt system. Det er for mange piler som peikar i ei retning av at dette systemet ikkje har skapt ein skule som er betre for ungane våre.

Å konstant bli vurdert, testa og rangert er ikkje bra for nokon, aller minst barn og unge.

Å gjere noko med dette, er å gjere noko som kjennest umogeleg. 20 år med same system har gjort systemet internalisert, det har blitt ein naturleg del av norsk skule. Og i større og større grad ein del dei nye lærarane er oppdregen innanfor. Då er det vanskelegare å sjå alternativa.

Caligula ynskte seg månen. Alt me har ynskt oss er eit system som betre tek vare på barn og unge si breie læring og utdanning, men det kjennest nesten like umogeleg.

Det verkar håplaust, men me gjev oss ikkje.

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 3/2024.

Signert

Avbildet: Thom Bjørnar Jambak
Thom Bjørnar Jambak

2. nestleder i Utdanningsforbundet