Leiarsatsinga: Skal arbeide for meir tid til pedagogisk leiing og betre arbeidsvilkår

– Leiarsatsinga held fram i den nye landsmøteperioden. Vi skal mellom anna fortsetje å jobbe for meir tid til pedagogisk leiing, seier Inger Grødem Haraldsen, leiar for sentralt leiarråd.

Ho meiner leiarstemma er ein viktig del av profesjonen si stemme, og som ny leiar av sentralt leiarråd vil ho bruke mykje tid til å lytte til leiarmedlemmene og støtte dei i arbeidet.

Vil ha auka leiarressurs

Meir tid til pedagogisk leiing er ei viktig sak for forbundet framover. I ein forskingsrapport utarbeida av Rambøll på oppdrag frå Utdanningsforbundet (les rapporten: Barnehagestyrers arbeidsoppgaver Rambøll 2023) kjem det fram at berre ein fjerdedel av styrarane opplever at dei har nok tid til pedagogisk leiing. For mykje tid går med til administrative oppgåver. Sjølv om barnehagane har blitt stadig større, har storleiken på styrarressursen stått stille. Slik kan det ikkje halde fram, meiner Grødem Haraldsen.

– Vi må difor fortsetje arbeidet for auka styrarressurs og meir tid til pedagogisk leiing i denne landsmøteperioden. Utdanningsforbundet har over mange år jobba for at alle barnehagar skal ha ein styrar i full stilling til stades i barnehagen, samtidig som det må ekstra styrarressurs inn i dei større barnehagane, seier ho.

På same måte meiner Utdanningsforbundet at det skal vere ein rektor ved kvar skule. God leiing krev at ein er til stades.

– Styrarar, rektorar, leiarar i universitets- og høgskulesektoren og støttesystem må ha rammevilkår som gjer det mogleg å utøve fagleg og pedagogisk leiing. Dette krev auka ressursar til leiing i barnehage og skole.

Ytringsfridomen må nyttast meir

Samstundes meiner ho det er viktig at leiarane også brukar stemma si i offentlegheita.

– Som andre samfunnsborgarar må leiarane kunne delta fritt i den offentlege debatten om utdanningspolitikk og ytre seg om samfunnslivet elles. Ytringsfridomen står sterkt i Noreg og gjeld like mykje for leiarar som for andre, seier Grødem Haraldsen.

Ho visar til det såkalla «Leiarbrølet» i Askøy, der skuleleiarar har gått saman om eit opprop der dei mellom anna varslar om auka arbeidspress for skuleleiarane, knappe ressursar og store rekrutteringsproblem. Også i Fredrikstad ropar leiarane varsku: Alle rektorene i Fredrikstad roper varsko: Mener situasjonen er verre enn noen gang (nrk.no)

– Eg tenkjer at det kan vere vanskeleg å seie frå om utfordringane i skulen aleine; kanskje er det lettare å seie frå om ein går saman om det, seier ho.

Lønn, arbeidsvilkår, arbeidsmiljø og ytringskultur får Grødem Haraldsen jamleg tilbakemelding om er blant dei viktigaste sakene og mest utfordrande for leiarmedlemmene våre.

– Vi som er tillitsvalde på alle nivå skal jobbe for og prioritere at leiarlønna skal vere høgare enn lønna leiaren ville hatt krav på i ei fagstilling, og høgare enn lønna til dei ein er leiar for, seier Grødem Haraldsen.

Fortset satsing

Det var i november i fjor at Utdanningsforbundet hadde landsmøtet sitt. Landsmøtedelegatane vedtok å føre vidare ei satsing på leiarane i organisasjonen.
Denne satsinga starta allereie i landsmøteperioden 2015-2019, der forbundet arbeidde med ei satsing på leiarmedlemmer gjennom «Leiaroffensiven».

Målsetjinga var å bidra til at leiarar skulle oppfatte Utdanningsforbundet som det naturlege fagforeiningsvalet. Arbeidet vart ført vidare som ei leiarsatsing i førre landsmøteperiode, og er no ført vidare i nok ein periode. Utdanningsforbundet hadde per 1. januar 2024 9515 leiarmedlemmer.

Les meir: Leiarsatsinga

Treng du hjelp i arbeidet ditt som leiar? Kontakt leiarhjelpa.