– Må involvera lærarane om mobilbruk

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har varsla at ho vil ha nasjonale retningslinjer for mobilbruk i skulen. – Det er avgjerande at eit nytt regelverk ikkje avgrensar lærarane si moglegheit til å tilpasse undervisninga til elevane sitt beste, seier Steffen Handal.

Den ferske kunnskapsministeren peikar på at mobilen påverkar dei faglege resultata negativt og fører til utanforskap og mobbing. Derfor ønsker ho nasjonale retningslinjer.

– Målet er at me får bukt med dette og ser på restriksjonar knytt til mobilbruk i skulekvardagen, seier ho til NRK.

– Må kunne tilpassa undervisninga

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal er positiv til at Kunnskapsdepartementet ber Utdanningsdirektoratet utgreia og koma med sine tilrådingar om mobilbruk i skulen. Men han understrekar at direktoratet må involvera profesjonen dersom dei skal lukkast med dette arbeidet.

– Det er heilt avgjerande at eit nytt regelverk ikkje avgrensar lærarane sin moglegheit til å tilpassa undervisninga til elevane sitt beste, seier Handal.

I Noreg er det opp til kvar einskild kommune å regulera mobilbruken. Handal meiner mange lærarar er bekymra for den omfattande skjermbruken til elevane, både på skulen og i fritida.

Handal peikar på at mange skular i dag har reglar som avgrensa skjerm- og mobilbruk. Nasjonale tilrådingar må først og fremst bidra til å styrkja kunnskapsgrunnlaget skulane treng når dei skal handtera dette i kvardagen, ifølgje Handal.

– Me vil bidra til at denne prosessen vert prega av erfaringane våre medlemmer har. Kva tilrådingar som bør koma ut av dette gjenstår å sjå, seier han.