Verdival utan debatt - frå stor usikkerheit til brei semje

Publisert: 23.03.2023

Kommuneleiinga ønskjer å flytte Førde barneskule til Førde ungdomsskule, og Førde ungdomsskule vidare til Hafstad vidaregåande skule. Eigentleg ønskjer dei meir omfattande endringar, men det har dei måtte gå tilbake på førebels. I møte i utval for oppvekst og kultur, og i formannskapet kom det til syne ei brei politisk semje om å gjere omfattande endringar for skulane i Førde sentrum. Det var fleire ting som overraska oss med dette.

Då saka var oppe i februar var det stor usikkerheit i både utvalet og formannskapet om dette var rett å gjere. Var saksutgreiinga solid? Var alle partar høyrde? Er dei økonomiske kalkylene rett? Vil dette vere ei effektivisering? Og ikkje minst om dette vil styrke kvaliteten på skulane. Usikkerheita var så stor at ein i første omgang utsette saka.

I mellomtida har fleire partar meldt seg og uttalt seg. Andre har peika på feil og manglar ved både saksutgreiinga, fakta som ligg til grunn og framgangsmåten. Til og med kommuneleiinga har måtte trekke den opphavlege saka og legge fram ny sak, med nytt framlegg til vedtak. Dette nye framlegget endrar eigentleg ikkje noko. Det er berre eit middel for å få saka igjennom. Det er nesten så ein kan mistenke at det ligg prestisje i det.

Likevel har heile denne prosessen ført til større politisk semje. At kommunedirektøren sjølv møtte i utvalet under handsaminga av saka seier noko om kor viktig det er for dei å få den igjennom politisk. Kommunedirektøren har tidlegare aldri møtt i utvalet.

Saka blir banka gjennom nesten utan debatt. Vedtaka blei sjølvsagt pynta litt på. Det skal både sikrast, takast høgde for og ein skal legge til rette for og så vidare. Uansett har ein no gjennomført det første vedtaket om omfattande strukturgrep for skulane i Førde sentrum. Eit vedtak som krev store bindingar i økonomiplanen, og som i utgangspunktet gjev minimalt med effektivisering.

I økonomiplanhandsaminga vil alle desse pyntevedtaka møte dei økonomiske realitetane. Kampen om å bli prioritert.

Nokon fortalte oss at "omstilling er vanskeleg". Det er rett. Når ein skal omstille seg frå noko velfungerande, til noko så usikkert så er det vanskeleg. Det endelege resultatet av dette på sikt vil vere at ein samlar alle ungdomsskuleelevane i Førde sentrum på eit lite område mellom Jølstra, E-39, brannstasjon, politihuset, sentrum sør og all anna utbygging som skjer her. Når alternativet er å vere på skular godt tilbaketrekt frå sentrum, med godt utbygde fasilitetar tilpassa elevgruppene, så er dette verkeleg ei vanskeleg omstilling.

For om lag 25 år sidan gjorde ein eit verdival i Førde kommune om å dele opp ungdomsskulane i Førde sentrum. Dette var tufta på sosialpedagogiske problemstillingar og vegval. Resultatet var mellom anna at “førdeskulen” trona øvst på alle faglege og sosiale barometer i årevis. Det blir no omgjort utan debatt. Har vi blitt historielause?