Veit du at ufaglærte utfører over 20 000 undervisningstimar i sunnfjordskulen kvart år?

Publisert: 30.08.2023

Det nærmar seg lærarkrise! I mange år har Utdanningsforbundet advart om at tilgangen på kvalifiserte lærarar kjem til å bli kritisk. I dag er 12% av dei tilsette utan lærarkvalifikasjonar, og framover vert det verre. Søkartala til lærarutdanninga er stadig synkande, og om nokre år vil det ikkje vere tilgang på nok kvalifiserte lærarar.

Den viktigaste faktoren for god skulegang er utdanna og kompetente lærarar. I Sunnfjord har vi gode skular og god samhandling mellom skule og heim, men rekruttering av lærarar vert meir og meir utfordrande. I dag vert om lag 12 % av dei planlagte undervisningstimane gjennomført av ukvalifiserte. Dette utgjer over 20 000 undervisningstimar i året. Og dette er før ein kalkulerer inn sjukefråvær, og anna fråvær gjennom året. Det reelle talet er langt høgare. For å sikre kvalifiserte lærarar i skulane må vi:

- Bruke løn som rekrutteringsmiddel

- Sørge for at skulane har økonomiske rammer til å tilsette kvalifiserte lærarar

- Bygge gode skular som gode arbeidsplassar for både elevar og lærarar