Utilstrekkeleg bemanning i sunnfjordbarnehagane

Publisert: 31.08.2023

Dei fleste avdelingane i barnehagane i Sunnfjord har ikkje så god bemanning i avdelingane som vist i tabellen over. Som oftast er det berre 3 vaksne på ei avdeling. I tillegg viser tabellen heller ikkje situasjonen dersom ein av dei vaksne er borte grunna sjukdom eller jobbrelaterte møte. 

Det er lett å tenkje seg at dei tilsette barnehagen vil kjenne på det å ikkje strekkje til. Det er heilt sikkert ein viktig grunn for eit høgt sjukefråvær i barnehagane. Eit høgt sjukefråvær vil naturlegvis ha stor innverknad på tilbodet og kvaliteten på arbeidet i den respektive avdelinga. Vidare opplever ein over heile landet ei flukt frå barnehagelæraryrket, og at mange går i del-stillingar. Heile 18 000 utdanna barnehagelærarar her i landet har arbeidet sitt utanfor barnehagen. 

 

Utdanningsforbundet Sunnfjord meiner følgjande tiltak må til:  

 

Rettleiingsordning for ny-utdanna 

Seniortiltak for å kunne stå lenger i stilling 

Auke stillingsprosenten der det er mogeleg 

Aktivt søkje etter ny-utdanna barnehagelærarar