Trur den nye skulestrukturen vil vere negativ for elevane

Publisert: 27.03.2023

Ingress: Norvall Nøringset er truleg eit kjent namn for mange sunnfjordingar. Ein engasjert mann som er pensjonert lærar og politikar, og no lokalforeiningsleiar i Førde Røde Kors. Ei eventuell skuleflytting og potensiell samanslåing av ungdomskulane i sentrum er tema som opptek Nøringsseter, og han har sterke meiningar om kvifor dette er ein dårleg idé.

Av tidlegare kollegaer på Førde Ungdomsskule vert Nøringset skildra som ein omsorgsfull mann, og  ein god samtalepartner. Når den pensjonerte læraren no ser tilbake på tida si som lærar, trekk han fram dei positive sidene ved yrket.

  • - Det beste i arbeidskvardagen var å vere i klasserommet med elevane. Dei visste godt kva «knappar» dei skulle trykke på for å få meg med i ein diskusjon, og det var veldig artig. Eg hadde mange gode foreldresamarbeid, og ser tilbake på eit godt arbeidsliv. Eg kan ærleg sei at eg aldri grudde meg til å gå på jobb.

No er Nøringset uroa for at skulekvardagen skal bli annleis for både elevar og lærarar i Førde.

 

Ser ingen positive sider

Skulestrukturen i Førde er eit dagsaktuelt tema i kommunepolitikken, og i innkallinga til  kommunestyremøte 31.03 står saken nok ein gong på sakslista. I 2024 skal Sunnfjord kommune ta over lokalet til Hafstad Vidaregåande skule, men det er framleis uvisst kven som skal nytte det lokalet. 

Per dags dato ser det ut til at det er Førde Ungdomsskule som skal flytte ned til Hafstad, og Førde Barneskule tek over bygget til ungdomsskulen. Trass i at dette ser ut til å vere det aktuelle alternativet no, har Norconsult i sin rapport konkludert med at det er plass til  elevar frå begge ungdomsskulane i sentrum i lokalet. Det vil då vere rundt 480 elevar.

Dette er noko som bekymrar Nøringset, og som han fryktar vil bli det endelege resultatet.

  • - Eg har mykje erfaring som både politikar, skulepolitikar og som lærar. Eg kan ikkje sjå eit einaste positivt aspekt ved flytting og eventuell samanslåing. Det er ikkje positivt verken sosialt eller pedagogisk å flytte skulane saman. Eg trur det er mogleg å drifte ein skule på 480 elevar, men ein kan ikkje forvente å drifte ein skule fagleg, sosialt og trivselsmessig på same måte som ein har dei siste 20 åra. 

 

Nøringset siktar då til det gode ryktet «førdeskulen» har hatt dei siste tiåra.

  • - I 2012 vart Førde kåra som beste skulekommune, og i 2014 hamna førdeskulen på ein andreplass. I 2018 vart Førde kåra til den beste kommunen i Noreg. Skulane i Førde har hatt eit svært godt rykte når det gjeld fagleg kvalitet, men også for fokus på sosial trivsel.

Dette gode ryktet har ikkje blitt etablert utan strategisk tenking og gode løysningar.

  • - I dei siste tiåra har det også blitt bygd fleire barneskular, og ein har behaldt fleire mindre skular av same grunn: det pedagogiske, faglege og sosiale. Med denne strukturen har ein fått dokumentert at det var eit rett val å dele opp i mindre skular.

 

Har vore eit godt argument

Sjølv om Nøringset  er pensjonert og ferdig i læraryrket, er han framleis oppteken av at kommunen skal ha skular av høg kvalitet. Særleg er han oppteken av at elevane skal ha det bra sosialt, vere trygge på skulen, og ha eit godt pedagogisk tilbod. Han trur ei endring på skulestrukturen slik den er i dag kan få store konsekvensar

  • - Eg er redd for at det ein er i ferd med å gjere no, er å øydelegge det som så mange har jobba hardt for å oppnå.  Til no har ein hatt nokre gode argument for å få barnefamiliar til å flytte til Førde: Her har vi  nokre av dei beste skulane og barnehagane. Eg er redd for å få det ryktet øydelagt. I tillegg til små skular, har vi også  barnehagar godt spreidd i kommunen. Det har vore noko av det som er positivt med kommunen.

 

Sjølv erfart utfordringane med stor ungdomsskule

Fram til slutten av 90-talet var Førde ungdomsskule den einaste ungdomsskulen i sentrum. Ettersom elevtalet vaks, vart det ifølge Nøringset utfordrande. På dette tidspunktet vart det gjort endringar som førte til eit godt resultat.

  • - Det var mange elevar på skulen, og eit alternativ var å bygge ut skulen. Dette skjedde ikkje, då det var politisk semje om å dele skulen opp i to forskjellege. Det var både faglege og sosiale årsaker til å ta dette steget. Dermed vart Halbrend ein ungdomsskule. Det resulterte i eit mykje tryggare skulemiljø der vi tilsette hadde betre oversikt over elevane.

Han trekk fram fleire døme på kva som ikkje fungerte godt på ein ungdomsskule med høgt elevtal.

  • - Med eit stort elevtal i klassene vart det lite fysisk plass til kvar elev, og dette førte til fleire konfliktar enn med mindre klasser. I mindre klasser har ein også eit mykje større handlingsrom når det gjeld pedagogisk opplegg. Tronge store skular med lite plass, er noko eg ser på som eit mareritt både for tilsette og elevar. Det gjeld både sosialt og pedagogisk.

 

Dårlegare oppfølging av enkeltelevar

Det er tydeleg at Nøringset er oppteken av trivsel, og han trur det er fasiten på ein god skulekvardag.

  • - Det er eit av dei viktigaste momenta for både elevar og lærarar. God trivsel gir god læring. Om elevane trivst, vert det færre sosiale problem.

 

Nøringset fryktar at den økonomiske innsparinga og eventuell samanslåing skal stå i vegen for at elevar skal bli følgde opp på ein så tett måte som dei kan bli på ein mindre skule.

  • - Eg trur elevar som er trygge i skulekvardagen har det bra. Med ein storskule vert det meir utfordrande å hjelpe alle elevane som treng det. Dette kan resultere i skulking og fråfall, og til sjuande og sist vil dette bli dyrt for kommunen å rette opp i.

Han meiner kommunen potensielt kan ende opp som økonomiske taparar.

  • - Dårlegare trivsel kan gje frykteleg store utgifte, men då på eit «anna budsjett». Der kan kommunen komme ut som taparar. På ein stor skule greier ein ikkje å ta vare på elevane på ein optimal og ynskjeleg måte.

 

Kan miste motiverte lærarar

På spørsmål om kva ein kan miste om det vert eit skulebytte, er han klar i si oppfatning:

  • - Eg trur skulen kan miste dei beste og mest kreative lærarane sine. I eit godt og trygt arbeidsforhold kan ein også gjere ein betre jobb. Dersom det vert bestemt eit skulebyte utan at dei tilsette er einige i det, kan det vere meir utfordrande for lærarane å gjere den jobben dei elles ville gjort, og som dei i utgangspunktet ynskjer å gjere.

Nøringset sat i kommunestyret i rundt 20 år, og er oppgitt over korleis denne politiske saka har blitt handtert.  Han meiner det er tydelege økonomiske motiv som styrer dei skulepolitiske vala.

  • - Eg meiner det har vore store endringar i skulepolitikken utan å ha opne politiske debattar. Det er mange som ikkje får sagt kva dei ynskjer, og innbyggarane får ikkje ta del i diskusjonane. Kvar er folkedemokratiet i desse sakene? Den einaste motivasjonen eg ser i denne saken er økonomi, økonomi og atter økonomi.

Sjølv er Nøringset overtydd om kva dei fleste innbyggerande med born i Sunnfjord ynskjer, og kva utfallet hadde blitt dersom dei kunne ta avgjerda om skulestrukturen sjølv.

-Dersom innbyggarane hadde hatt noko å seie i denne avgjersla, ville nok både Halbrend ungdomsskule og Førde ungdomsskule blitt verande som dei er i dag.