Kven er dei ukvalifiserte “lærarane”?

Publisert: 31.08.2023

KS hevdar at dei fleste av dei som jobbar som lærarar utan lærarutdanning er høgt utdanna, men statistikken viser at meir enn ein av fem av desse berre har vidaregåande utdanning. I sunnfjordskulen blir kvart år meir enn 20 000 undervisningstimar utførte av tilsette som ikkje har godkjend kompetanse i faget.

Opplæringslova slår fast at alle som blir tilsette i undervisningsstilling i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal ha pedagogisk bakgrunn, i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse, for å bli tilsett som lærar (forskrift til opplæringslova § 14-1). Likevel er talet på årsverka i skulen utført av tilsette utan lærarutdanning høg, med 17,8 prosent på landsbasis ifølge statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I Sunnfjord kommune er vi førebels litt betre stilte med 12 prosent. 

 

Vi står med andre ord overfor store utfordringar knytt til rekruttering av godkjente og kvalifiserte lærarar til både grunnskulen og den vidaregåande skulen. Med tanke på søkjartala til lærarutdanningane denne hausten, blir ikkje utfordringane mindre i framtida. Sunnfjord kommune må, som alle andre distriktskommunar, gjere seg attraktiv som arbeidsgjevar for å lokke til seg nye og dugande lærarar til skulen. Her krevst det tiltak og verkemiddel som høver for unge, ny-utdanna pedagogar. 

 

Utdanningsforbundet Sunnfjord meiner følgjande tiltak må til: 

 

Konkurransedyktig løn 

Utvikle god seniorpolitikk 

Gode rammer og eigna skulebygg