Gode medlem i Utdanningsforbundet Sunnfjord!

Publisert: 16.12.2022

God og velfortent julehøgtid og godt nytt år, alle lærarar og leiarar i skular, barnehagar og FAS! !

Vi har no lagt bak oss ein spesiell haust prega av to streikar. Først den historisk lange, men tradisjonelt avbrotne streiken i KS. Her deltok medlemmane på dei vidaregåande skulane i Sunnfjord ein dag, før regjeringa sette foten ned med tvungen lønnsnemnd. Grunngjevinga er at utan lærarar får elevar som strevar psykisk det for vanskeleg. Lønnsnemnda sitt arbeid dreg ut og vi må vente til slutten av februar før vi veit resultatet. Men det er dessverre liten grunn til optimisme – vi kan rekne med å få det same som vi ville ha fått utan streik – berre seinare utbetalt ...

Den andre streiken var i PBL, Private barnehagars landsforbund. Her vann vi heldigvis fram. Denne streiken handla i hovudsak om pensjon og pensjonsrettar, og det å få sikra desse rettane for alle!

Som lokallagsleiar synest eg i desse tider at det er viktig å få fram at vi må stå saman alle medlemsgruppene: Barnehage, VGO, Grunnskule og FAS. Leiarar, lærarar og sakshandsamarar… Saman er vi sterke – kvar for oss har vi mykje mindre å stille opp med. Denne styrken må ta vare på både lokalt og meir sentralt i organisasjonen. Styrken er at vi er mange og at vi har økonomisk handlekraft.  Den brukar vi til å skulere våre tillitsvalde og til å kunne sette makt bak krava. Utdanningsforbundet er fagrørsla med stor «F» i høve skule, barnehage og dei pedagogiske faglege og administrative støttesystema (FAS). Skuleringa gjer at vi har gode, om ikkje dei beste tillitsvalde i kommunane og i fylkeskommunen. Dette gjer seg ikkje av seg sjølv – det krev mellom anna medlemmer som støttar aktivt opp om organisasjonen. Vi står framfor store utfordringar i høve kommune-Noreg og vi må stå på for å sikre gode barnehagar, gode skular. Vi skal ha ei lønnsutvikling som sikrar rekruttering og arbeidsvilkår med tid og folk nok til å gjere jobben skikkeleg!

Så vil eg ta med noko om kva som ventar oss framover:

I desember vart to viktige plandokument frå administrasjonen i Sunnfjord kommune lagt fram. Først er det planar for kva bygget der Hafstad vgs no held til, skal brukast til når dei flyttar ut og etter avtalen, blir kjøpt av Sunnfjord kommune. Ein ynskjer å flytte Førde ungdomsskule hit. Deretter tenkjer ein å flytte Førde barneskule til bygget der Førde ungdomsskule no held til. Tanken kan vere god, men at ein får nye og større bygg er ikkje åleine god nok motivasjon. Skal ein bruke tid og krefter på å flytte ein skule, må skulekvardagen vert betre og enklare. Er utsiktene motsett forsvinn motivasjonen.

Det andre viktige plandokumentet som vart lagt fram no, har vi venta på ei stund; Plan for framtidig barnehagestruktur i Sunnfjord kommune. Her er det gjort kjent korleis ein kan spare pengar og samtidig få ei effektiv drift av barnehagane i Sunnfjord. Det er nokre moment i desse planane som vi er kritiske til og vi er glade for at politikarane skaffa seg og oss, meir olbogerom, med å utsetje fristen for høyringa til 31.januar. Så får vi tru at når politikarane snakkar om effektiv drift av barnehagane, så ser dei ikkje berre på økonomi, men og på kvalitet og omdømme. Dei har tatt mål av seg å skape ei kommune med attraktive tilbod!

For Førde ungdomsskule kom ein lite hyggeleg overrasking i og med brannen i oktober. Den gjorde dei utan skulebygg. Dei nyttar Førdehuset og flyttar sakte tilbake til skulen, rom for rom. Dette er dei ikkje endeleg ferdige med før til neste skuleår. For lærarar og administrasjon gir dette mykje ekstraarbeid.

Underteikna startar til våren i ny jobb som kyrkjeverje i Høyanger kommune. Vi har ein gard på sørsida i Høyanger, i Ortnevik, og drøymer om å flytte attende dit. Men skulle eg ha jobben måtte eg ta til 1.april og dermed vert lokallaget utan lokallagsleiar frå då av. Eg gjer dette kjent for at alle medlemmane skal hjelpe valkomiteen med arbeidet deira, då veit eg at lokallaget får ein god leiar. Dei som sit i komiteen er Rune Morte Sande, Maryan Mundal, Lene Bjørneset, Linda Solheim, Ingolf Andenæs, Linda Brede og Jørn Helgheim.

Årsmøtet blir i år 10.mars på Sunnfjord hotell. Denne fredagskvelden vil vi starte med sjølve årsmøtet. Så blir det invitert til festmiddag med buffé og til slutt eit variert musikalsk program. Meir om dette rett etter nyttår då innkallinga kjem. I år er det også fylkesårsmøte og landsmøte. Det gjer det ekstra spennande å fremje politiske saker. Det er flott når grasrota kan vere med å setje sitt preg på organisasjonen sin politikk.

Rett etter årsmøtet er det tid for den tradisjonelle «barnehagedagen». Vi kjem til å mobilisere medlemmane våre til  å syne att i «bybildet». I år er nemleg tema «Liten og stor» og set fokus på kor viktig det er å få til betre bemanning i barnehagane. Det hadde vore moro om vi kunne få til eit stunt som verkeleg syner att!

Våren vert spennande i dei vidaregåande skulane her i Sunnfjord kommune. To skular skal bli ein: Mo og Øyrane vgs og Hafstad vgs vert slått saman til ein organisasjon. Til hausten skal ikkje skulebygget på Hafstad lenger brukast til vidaregåande, men elevane får tilhaldsstad i den nye skulen på Øyrane. Ikkje ein vidaregåande skule for studiespesialiserande fag og ein yrkesførebuande fag, men (nesten) alle under eitt tak. Framleis vil mange av elevane halde til på Mo – anten med landbruksfag eller anleggsmaskiner.