Krav om slitertillegg for barnehagetilsette

– Barnehagetilsette må bli omfatta av slitertillegget som er inkludert i den nye pensjonsavtalen, seier leiar Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet. Eit breitt fleirtal på Stortinget er einige om ein ny pensjonsavtale.

I den nye avtalen er partane einige om eit slitertillegg i folketrygda på 0,25 G for dei som må gå av ved 62 år.

Utdanningsforbundet er imot å heva aldersgrensa for pensjon med aukande levealder. Noko Landsmøtet vedtok i november i fjor.

Men no står eit breitt politisk fleirtal bak den nye pensjonsavtalen som mellom anna inneber auka aldersgrenser med aukande levealder, nye reglar for regulering av minsteytingane og eit nytt slitertillegg i Folketrygda.

Her finn du Pensjonsavtalen mellom Ap, Høyre, Sp, SV, Venstre, KrF og MDG

Og det er nettopp slitertillegget Røsvoll meiner må gjelde òg for barnehagelærarar når aldersgrensa vert heva. For det er svært få som klarer å stå i jobb i barnehagen etter fylte 62 år, og det er altfor mange som blir uføre.

– Å jobba i barnehage er noko av det mest givande ein kan gjera. Men det er òg forbunde med høg emosjonell belastning. Vi kjem til å jobba hardt for at barnehagelærarar blir ivaretekne i det nye pensjonssystemet, seier Røsvoll.

Utdanningsforbundet var tidlegare i år på høyring i Stortinget om regjeringa si pensjonsmelding. Der vart det framført kor viktig det er at eit "slilter-utval, som regjeringa går inn for, òg tar med barnehagelærarar

I den nye avtalen skriv partane at: (...) I møte med ei utvikling der vi lever stadig lenger, er det avgjerande å leggje til rette for eit helsefremjande, trygt og inkluderande arbeidsliv som gjer det mogleg for folk å bidra i arbeidslivet så lenge som mogleg.

– Det er openbert at dette må gjelde for barnehagelæraryrket. Og her skal vi bidra med vår kunnskap saman med partane i arbeidslivet. Men det vil likevel vere for mange som ikkje klarer å stå lenge nok i jobb. Då må det kome på plass økonomiske ordningar som ivaretek dei som må slutte tidleg, seier Røsvoll.

Støtte til Unio-forslag om skjermingsordning

Utdanningsforbundet jobbar gjennom hovudorganisasjonen Unio for å påverke pensjonssystemet i tråd med vedteken politikk. I den nye pensjonsavtalen får Unio støtte til sitt forslag om å skjerme uføre mot levealderjustering.

– Det er bra at stortingsfleirtalet foreslår ei skjermingsordning mot levealdersjustering i alderspensjonen til dei som har vore uføre, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Forslaget var eitt av fleire Unio foreslo i stortingshøyringa om regjeringa si pensjonsmelding nyleg.

– Unio foreslo eit tidligpensjonstillegg, eit slitertillegg, i Folketrygda allereie før LO og NHO fekk si ordning på plass i privat sektor for nokre år sidan. Mange av yrkesgruppene våre går av tidleg, som barnehageansatte. Desse vil bli hardt ramma av levealdersjusteringa når denne får fullt gjennomslag i offentlig sektor frå 2025. Eit slitertillegg i folketrygda på 0,25 G for dei som må gå av ved 62 år vil dempe avkortinga noko. Det kan utgjere nesten 2500 kroner ekstra utbetalt i månaden for mange, seier Unio-leiar Lied.

Sjå heile saka frå Unio her - Pensjonsmeldingen: Unio-forslag får støtte i Stortinget

– Vi ser no fram til å være med på å utforme regelverket for ei sliterordning i Folketrygda, og vi føreset at eit slikt arbeid blir gjort på ein måte som involverer alle arbeidslivets parter på lik linje, seier Lied.

Sjå alt om pensjon her

Tal frå vår medlemsmasse:

• Omtrent 0,6 % av barnehagelærarane er i jobb etter fylte 65 år

• I overkant av 2 % av styrarane/leiarane er i jobb etter fylte 65 år

• Ingen over 70 år er i jobb, verken blant styrarar eller barnehagelærarar.

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet