Tillitsvalde har ei viktig rolle

Sjølv om det er leiar som har det overordna ansvaret for å forebygge, hindre og handtere saker om seksuell trakassering, har også den tillitsvalde ei viktig rolle i dette arbeidet.

Vi har lovverk med reglar om førebygging og handtering av seksuell trakassering, som kan vere ei god hjelp i arbeidet. I tillegg er vi som er tillitsvalde i lærarprofesjonen også forplikta av Lærarprofesjonen si etiske plattform

Den tillitsvalde skal, saman med verneombodet, vere pådrivar i forebyggingsarbeidet. For å forebygge seksuell trakassering kan den tillitsvalde til dømes:

  • Sette temaet seksuell trakassering på dagsorden på arbeidsplassen
  • Diskutere i kollegiet kva «seksuell trakassering» er og kva risiko det er for å bli trakassert på arbeidsplassen
  • Diskutere kvar grensa går mellom akseptert- og ikkje-akseptert oppførsel
  • Diskutere om korleis ein kan seie frå, og til kven, dersom ein ser at det skjer seksuell trakassering på arbeidsplassen
  • Øve på ein tenkt situasjon der ein kollega vert seksuelt trakassert – og korleis ein vil handtere situasjonen på arbeidsplassen.
  • Lage klare reglar og rutinar for kva som er akseptabelt og ikkje, og kva som blir konsekvensane om nokon ikkje følgjer reglane
Den tillitsvalde skal og, saman med verneombodet, vere pådrivar i arbeidet med å lage gode rutinar og retningslinjer for handtering av denne typen saker. 

Den tillitsvalde skal og, saman med verneombodet, vere pådrivar i arbeidet med å lage gode rutinar og retningslinjer for handtering av denne typen saker. 

Den tillitsvalde har eit spesielt ansvar for medlemmer som opplever å bli trakassert. Det kan vere vanskeleg å ta opp med den som trakasserer at dette er uønska merksemd og at ein opplever det som krenkande. Det kan og vere vanskeleg å gå til leiaren sin og fortelje om slike hendingar. Men det kan gjere situasjonen litt lettare om dei som opplever trakassering kan gå til sin tillitsvalde og fortelje om hendinga, få reaksjonar, tilbakemeldingar og støtte i prosessen med å gå vidare med saka.

Den tillitsvalde kan og hjelpe medlemmet med å dokumentere, slik at den som melder om trakassering har mest mogleg bevis for handlingane.

Dei som har ansvar skal gjere det dei er plikta til

Den tillitsvalde kan vere ei god støtte når saka vert handtert på arbeidsplassen. Seksuell trakassering  opplevast ofte tøft for den det gjeld, ein kan få både fysiske og psykiske reaksjonar, ikkje berre med ein gong men også i lang tid etter hendinga.

Sist men ikkje minst skal den tillitsvalde passe på at dei som har ansvar i slike saker gjer det dei er plikta til. Mellom anna seier Likestillings- og diskrimineringslova §13 og Arbeidsmiljølova §4-3  at arbeidsgjevar «skal forebygge og forhindre trakassering og seksuell trakassering» og at arbeidstakarar ikkje skal «utsettes for trakassering eller anne utilbørlig opptreden». Likestillings- og diskrimineringslova seier vidare at det ikkje er lov å straffe dei som seier ifrå om seksuell trakassering.