Liten auke i bistandsbudsjettet til utdanning

For første gong sidan Støre-regjeringa kom til makta vert det ikkje kutta i midlar til utdanning frå det eine budsjettet til det andre. – Positiv start på å snu ein negativ trend, seier Utdanningsforbundets Geir Røsvoll.

I 2024 aukar utdanningsbudsjettet til kr 996 798 000 frå kr 944 358 000 i revidert nasjonalbudsjett 2023. Dette utgjer ein auke på 5,55 prosent.

Utdanningsbistand har vore nedprioritert sidan Støre-regjeringa tok over etter den borgarlege regjeringa i oktober 2021. Frå 2021 til 2022 fall faktiske utbetalte midlar med 20 prosent, ned til 2015-nivået. Bistands-resultat (norad.no).

– Vi hadde sjølvsagt helst sett ein kraftig auke i løyvinga til utdanning, seier Røsvoll, men dette er ein liten siger vi i Utdanningsforbundet har bidrege til.

Utdanning for berekraft og demokrati

Verda står overfor store utfordringar. Nesten ein tredjedel av verda si befolkning lever i land der kritikk av myndigheitene vert straffa og frie media ikkje eksisterer. Den globale Covid- pandemien, fleire væpna konfliktar og klimakrisa er berre noko av det som påverkar utdanninga til verda sine born og unge. Verdsbanken si siste oppdatering viser at 7 av 10 tiåringar i utviklingsland ikkje kan lese og forstå ein enkel tekst. Dette er ein auke med ein tredjedel sidan før pandemien.

– Ei utdanna befolkning har større moglegheit til å bidra i det grøne skiftet, stille kritiske spørsmål og delta i samfunnsdebatten, meiner Røsvoll.

Finansiering av utdanning

Utdanningsforbundet meiner at den viktigaste kjelda til utdanningsfinansiering må kome frå landa sjølve.

– Myndigheiter verda over må investere i offentleg utdanning. Finansiering over skattesetelen er den einaste berekraftige måten å oppnå menneskeretten utdanning for alle, seier Røsvoll.

Samstundes meiner Utdanningsforbundet at bistand er eit lite, men viktig, bidrag for å sikre retten til utdanning.

– Det er mange grunnar til å satse på utdanning. Klima, demokrati og reduserte forskjellar er berre tre av dei, seier han.

– Eg håper at vi no ser ei meir aktiv haldning og ein auke i bistandsbudsjettet til utdanning i åra framover, avsluttar Røsvoll.

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet