Lederkurs i Molde 9. april

Leiarmedlemmar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal var samla til kurs på Molde tysdag 9.april. Kurset vart raskt fullteikna og ekstra hotellrom vart innleigd for å huse alle som kom. Dette var stor stas.

Marit Lillestøl, fylkesstyremedlem og leiar av leiarråd innleia dagen. Medlemmar i leiarrådet vart presentert medan dei frammøtte fekk litt info om leiarråd sitt mandat, viktigheita av det å vere organisert samt litt om Utdanningsforbundet sine leiarressursar mm.

Inger Grødem Haraldsen frå sentralstyret og Hedvig Montgomery var inviterte gjestar. Fylkesstyreleiar Ina Enoksen hadde info om det vi veit om tariff 2024 så langt.

Inger orienterte om saker der vi som organisasjon kjem heilt til forhandlingsbordet hos politisk folkevalde. Når vi er store og sterke, vert vi invitert inn og lytta til. Leiarane har ei avgjerande rolle for born og unge sine oppvekstvilkår, og no er vi i mange kommuner og fylker langt over smertegrensa i høve arbeidspress og arbeidsmengd. Leiarar rapporterer om lovbrot kvar dag – no må nokon stå til ansvar og ta ansvar. I det pågåande “Leiarbrølet” vert dette synleggjort over heile landet.

Inger minte alle på at landsmøtet i november vedtok vidare satsing på leiarmedlemmane. Vår stemme skal høyrast og lyttast til.

Hedvig hadde “Livsmestring” som tema. Skjeringspunkta mellom liv og mennesker er livsmestring. Ho framheva viktigheita av tilrettelegging for leik som avgjerande i born si utvkling og danning. God helse skapast når ein kjenner tilhøyrigheit - det å stå att åleine utanfor fellesskapen er helseskadeleg. Hugs: Ta alltid vare på håpet og skap meining for dei som veks opp.

 

Vi fekk ein prat med ein av dei frammøtte - Astrid Josefine Eide. Ho er styrar i Prestmarka barnehage i Ålesund.

Leiarane kom til hotellet kvelden i forkant. Det kjenner Astrid som svært positivt – det skaper samhald. Ho hadde ein fin kveld i forkant av kursdagen og opplevde kurset som lærerikt. Ho framhevar det at mange ulike medlemsgrupper frå ulike tariffområder kom saman, gjorde at dagen bar preg av stort mangfald.

Som leiar kjennast det rett å vere organisert saman med pedagogane ho har leiaransvar for – ho kjenner nærheit til profesjonen, opplever samhald og ser det som ein styrke at alle i organisasjonen har same mandat - sjøl om vi har ulike roller i laget rundt borna. Ho set stor pris på det gode tilbodet Utdanningsforbundet har av kurs, webinar, nettressursar mm. Det er dyktige tillitsvalde og tilsette som er til hjelp om ein har behov. Det ligg makt i at vi er mange og store med brei samansetting frå alle dei 5 medlemsgruppene. Kurset var ein god “annaleisdag” som ga påfyll med mange refleksjonar vi tek med heim. Ho takkar alle som var der for gode diskusjonar, godt sosialt lag på fint hotell som varta oss opp frå vi kom til vi reiste heim. Dette bygg godt fagforeiningsmedvit.      

Leiarråd håper dei frammøtte fekk ein fin og meiningsfull dag.

Vi ynskjer å takke alle som kom – vi veit at dagane er full i det krevande krysspresset leiarmedlemmane står i kvar dag. At så mange likevel fekk prioritert deltaking saman, seier at dette er noko medlemmane treng. Vi ser fram til neste møteplass i Utdanningsforbundet sin regi.