Heradsstyrevalet 2023 - Politiske parti svarar

Publisert: 30.08.2023

Utdanningsforbundet Voss har spurt dei politiske partia kva dei vil prioritere i komande fire år. Mange av partia har i våre auge positive svar på å styrke barnehagane og skulane. Dette skal lokallaget følgje opp etter valet!

Utdanningsforbundet har spurt ut dei politiske partia om kva dei vil prioritere i dei komande fire åra.

For barnehage og skule er det mykje gledeleg lesnad, slik at her forventar me at partia leverer.

Alle partia utanom FrP har svara på våre spørsmål. Me veit difor ikkje kva Frp vil prioritere innan barnehage og skule i Voss herad.

  • Alle partia som har svara vil styrke budsjettet til oppvekst.  FrP har ikkje svara. 
  • 7 av 9 parti vil auke grunnbemanninga i heile opningstida i barnehagen.  Krf og INP er litt difuse i sine svar, og FrP har ikkje svara.
  • Alle partia som har svara vil gå inn for å få på plass eit rapporteringssystem for å avdekke bruken ufaglærte. 
Les kva partia har svara på dei ulike spørsmåla i vedlegget.

Ta kontakt på [email protected] om du har spørsmål til lokallaget omkring valkampen.

Følg med på vår facebookside.

Utdanningsforbundet ynskjer dykk alle eit godt val.