Vestland sine representantar i sentrale råd og utval

Sentralstyret har oppnemnt sentrale råd, utval og fora for landsmøteperioden. Vårt fylke er representert i alle desse organa.

I mars oppnemnte sentralstyret dei sentrale utvala og gjorde suppleringsoppnemningar til sentrale råd og fora. Oppnemningane vil gjelde for heile landsmøteperioden 2024-2027. Utdanningsforbundet Vestland nominerte til alle råd og utval og er etter oppnemninga representert i dei fleste. I nokre av utvala vil det bli gjort etteroppnemningar.

Utval for lønns- og arbeidsvilkår
Dette utvalet bidrar til utvikling av saker av meir overordna karakter når
det gjeld lønn og arbeidsvilkår. Særleg kjennskap til forhandlingar og ulike tariffsystem er vektlagt hos dei 12 oppnemnte medlemmene. Leiar for utvalet er sentralstyremedlem Turid Buan Øfsti.
Odd Arild Viste (barnehage, tariffområde Spekter) og Siv Merete Fjeldseth (grunnskule, tariffområde KS) er oppnemnt frå vårt fylke. Begge to er styremedlemmer i Utdanningsforbundet Bergen.

Utval for utdanningspolitikk handsamer nasjonale og internasjonale utdanningspolitiske saker som kan få konsekvensar for utdanningsløpet i Norge. Leiar for utvalet er sentralstyremedlem Thomas Nordgård.
Sindre Roska, rektor ved Flatene skule i Sunnfjord, er medlem av utvalet frå vårt fylke. Anita Holm Cirotzki, tidlegare styremedlem i Utdanningsforbundet Vestland, er også representert i utvalet frå sentralstyret. Også dette utvalet har 12 medlemmer.

Sami lávdegoddi / samisk utvalg
Sami lávdegoddi/samisk utvalg skal ivareta det samiske perspektivet i alle saker Utdanningsforbundet jobbar med og gi innspel og råd til sentralstyret i samiske spørsmål og aktuelle utdanningspolitiske saker. Leiar for utvalet er sentralstyremedlem Linn Therese Myhrvold. Guro Svanheim Losoa, Stryn Vidaregåande skule, er eit av 8 oppnemnte medlemmer.

Utval for organisasjonsutvikling
Dette utvalet vil ha 10 medlemmer og det er sentralstyremedlem Christian Evenshaug som er leiar av utvalet. "Org.utvalet" handsamer og utvikler saker av organisasjonsmessig karakter. Utvalet skal sikre at sakene som vert handsama har aktualitet på alle nivå i organisasjonen.
Toril Kalsås, frå barnehagesektoren, tariffområde Spekter Norlandia, er eit av medlemmene i utvalet. Kalsås er også varamedlem i Utdanningsforbundet Bergen.

Utval for likestilling og mangfold
Utvalet skal sette likestilling og mangfold på dagsorden. Det har eit breitt arbeidsfelt som spenner frå likestilling mellom menn og kvinner via ikkje-diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne, etnisitet og religion til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Leiar for utvalet er sentralstyremedlem Ingeborg Lovise Tyse.
Kjersti Bernes Drageide, hovudtillitsvald i Bergen kommune er ein av 10 oppnemnte medlemmer. Drageide har bakgrunn frå barnehagesektoren på kommunalt tariffområde.

Suppleringsoppnemningar sentrale råd og kontaktfora
Representantar frå fylkesstyret er representert i alle kontaktfora for kvar medlemsgruppe og i leiarrådet. I tillegg har sentralstyret gjort nokre suppleringsoppnemningar.

Kontaktforum barnehage
I dette forumet er alle fylke representert med kontaktperson BHG i fylkesstyret.
I tillegg er det gjort suppleringsoppnemningar med hovudtillitsvalde frå dei nasjonale private barnehageverksemdene. 
Ine Tolleshaug-Glenjen, hovudtillitsvald i Spekter Norlandia, er tilsett i ein barnehage i Bergen.

Kontaktforum vidaregåande og fagskule
I dette forumet er alle fylke representert med kontaktperson VGO i fylkesstyret.
Sentralstyret har supplert forumet med tre medlemmer - frå fagskule, privat område og frå vaksenopplæringa.
Frå vårt fylke er følgande oppnemnt:
John Martin Høines, Syna vidaregaånde skule i Balestrand (Sogndal)
Terje Lyngstad, Fagskulen Vestland, studiestad Førde (Sunnfjord)
Høines er også styremedlem i Utdaningsforbundet Sogndal.

Sentralt pensjonistråd
Det sentrale pensjonistrådet ble oppnemnt av sentralstyret i sitt første møte i perioden, i januar:
• Stein Øgrim, Oslo
• Bergit Lisleåsheim Telnes, Telemark
• Ottar Stordal, Agder
• Connie Hamre, Vestland
• Heidi Simensen, Trøndelag
• Ellinor Tande, Troms

Alle utvala og pensjonistrådet skal samlast til eit oppstartsmøte 23.-24. april. Alle kontaktfora er allereie i gang med arbeidet sitt.

Les meir om alle utval, råd og fora her