Frå embetsmann til streikevakt

Om arrangementet

Hvor og når?
onsdag 31. mai kl. 18:00 - 20:00

Lærernes hus

Osterhaus' gate 4 A, 0183 OSLO

Vis i Google Maps
Pris

Gratis

Praktisk ansvarlig

Brit Adam
E-post: [email protected]
Telefon: 95966175

Velkomen til lansering av boka «Frå embetsmann til streikevakt. Lektorane i reformer og strid gjennom 150 år». Forfattarane Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik og andre vil kommentere boka. Arrangementet er opent for alle.

Meld deg gjerne på, men det er ikkje nødvendig. Det blir enkel servering frå 17.30.

Program:
18.00 – 18.05: Ordstyrar Kristin Vik, spesialrådgjevar Utdanningsforbundet
18.05 – 18.20: Torbjørn Ryssevik: Kva vil vi med denne boka?
18.20 – 18.35: Stein Aabø, tidlegare kommentator i Dagbladet og forfattar
18.35 – 18.50: Pause
18.50 – 19.00: Iril Myrvang Gjørv, lektor og seniorrådgjevar i Unio
19.00 – 19.10: Thom Jambak, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet
19.10 – 19.25: Spørsmål og kommentarar frå salen
19.25 – 19.35: Anders Folkestad oppsummerer og avrundar

Omtale av boka:
I denne boka følgjer vi utviklinga i den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom 150 år. Lektorane og dei universitetsutdanna adjunktane er hovudpersonane, og det er deira perspektiv som dominerer.
Reformer og skuleutvikling står sentralt i boka, men også stridar om faglege rettar, lønn og arbeidstid. Allereie frå 1920-talet «løyste» styresmaktene lektormangelen med å redusere på utdanningskrava. Dette er ein metode som stadig har vore brukt. Boka omtalar også lønnsstriden mellom KS og lærarane.
Lektorane har gradvis kome i mindretal, også i dei allmenne retningane i den nye vidaregåande skulen. Universiteta har vore for lite opptekne av lektorutdanninga og må ta sin del av ansvaret for at mange unge ikkje er godt nok kvalifiserte for lange studium.
Ein framtidsretta vidaregåande skule må ha fagsterke og myndige lektorar, som både vil og vågar å eksperimentere saman med elevane. Det gjeld ikkje minst i møte med den digitale kvardagen.

Omtale av forfattarane:
Anders Folkestad (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i engelsk frå universitetet i Bergen. Han har arbeidd som lektor ved Odda gymnas og Stranda vidaregåande skule. Folkestad har vore tillitsvald i ei årrekkje. Han var leiar i NUFO/Lærarforbundet gjennom størstedelen av 1990-talet, og leiar i hovudorganisasjonen Unio (2001–2015).
Torbjørn Ryssevik (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i historie frå universitetet i Bergen. Etter å ha arbeidd som lektor ved Stranda vidaregåande skule, var han tillitsvald i NUFO/Lærarforbundet på fylkes- og sentralnivået frå 1980-talet og fram til 1999. Deretter arbeidde Ryssevik i sekretariatet i Lærarforbundet og i Utdanningsforbundet fram til 2020.