Vi står på for vidaregåande skule!

Ope brev med innspel om økonomiplanen 2024-2027 og budsjettframlegget for 2024 til medlemmane i finansutvalet og til medlemmane i utval for opplæring og kompetanse.

Onsdag 22. november var det møte i Hovudutval for opplæring og kompetanse (OPPKO). I Hovudutvalet diskuterer og avgjer fylkespolitikarane korleis tilbodet og finansieringa for dei vidaregåande skulane i Vestland skal sjå ut for neste år. Dette er Utdanningsforbundet Vestland sitt ope brev til fylkespolitikarane:

På tide å rope varsku

Vi tillitsvalde i Utdanningsforbundet Vestland er bekymra over dei framlagde kuttforslaga i den fylkeskommunale økonomiplanen 2024-2027. Difor vel vi å seie i frå.

Vi er redde for at det vil bli kutta på viktige tenester utan at ei reell konsekvensutgreiing. De politikarar har rett å få vite kva de er med på når de stemmer for kutt i skulen. Utdanningsforbundet støttar veldig opp under Vestland sin flotte intensjon om å skape «det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø». Realiteten er derimot at vi allereie no merkar dei tronge tidene i den vidaregåande skulen.

Utdanningsforbundet sine meir enn 2200 medlemmer som er tilsett i fylkeskommunen, har no i lengre tid levd med sparekniven hengande over seg og med stadige krav om kutt i oppvekstsektoren. Vi er sjølvsagt klare over den prekære økonomiske stoda i Vestland. Likevel blei vi treft hardt av i kuttforslaget på 50 mill. i 2024-budsjettet. Og ikkje nok med det: det skal også sparast inn 80 mill. årleg i perioden fram til 2027, samtidig som investeringane har blitt sett på vent. Fleire utslitne undervisningsbygg ser ut til å må bli utslitne ei god stund til.

Fagskulane våre leverer høg kompetanse til arbeidslivet som bidreg til å oppfylle samfunnsmandatet. Å fase ut det fylkeskommunale tilskotet i perioden (22,5 mill.) og eit kutt på 15 mill. i 2024 vil merkast dramatisk på aktivitetsnivået.

Ny opplæringslov og fullføringsreforma gjer bl.a. at oppvekstsektoren må rigge seg til fleire omstillingar. Å kutte 42,5 mill. på dei vidaregåande skulane er vanskeleg å gjennomføre utan å forringe kvaliteten på opplæringa. Nedlegging eller samanslåing av klassane vil gjere skulane mindre robuste og mindre føreseielege for lærarar og leiarar. Kutt i oppvekstsektoren vil råke mange, og til sjuande og sist vil dette gå over elevane si opplæring. Vi er bekymra for den naudsynte faglege og sosiale oppfølginga av elevane og fryktar at færre elevar fullfører vidaregåande skule.

Kjære politikarar: Leit etter alternative inntektskjelder. Eventuelle kutt må kome på område som ikkje går ut over så mange individ som innan oppvekst. Sats på den vidaregåande skulen og fagskulen! Blir de konfrontert med krav på sparing, etterlys grundige konsekvensanalysar.

Utdanningsforbundet sine medlemmer stolar på dykk og tar dykk på ordet. La oss arbeide for den beste skulen i landet! La oss rigge for ein skule som tar framtidige utfordringar og oppgåver på alvor.  Velkomen til å ta ein prat med oss.

Med beste helsing

Bergen, 22.11.23, Fylkesstyremedlemmar og ansvarlege for vidaregåande opplæring og fagskule i Utdanningsforbundet Vestland

Sabine Exner - Ane Aadland - Linda Solhaug