Velkomen til Pedagogisk kafé torsdag 11. januar 2024, kl. 18.00 på Åtgaum
Utdanningsforbundet Stord har samla eit panel som skal ha ein samtale om tema; har "kunden" alltid rett?, og kanskje også rundt følgjande spørsmål:
- Er det rett at føresette er blitt meir kravstore, og er det i så fall positivt eller negativt? - Kva krav og forventingar møter me frå føresette, og i kor stor grad kjem me desse i møte? - Kor stor vekt bør det leggjast på resultata av brukarundersøkinga i utviklingsarbeidet? - Kor mykje individuell tilrettelegging bør det vera når det gjeld mat? - Kven veit best når det gjeld klede og soving?
I panelet sit: - Solfrid Furre, Udanningsforbundet Vestland - Sigfrid Leifsen, Stordbarnehagane og styrar i Trodlahaugen barnehage - Merete Langeland, barnehagelærar i Olderdalen Fus barnehage - Kristine Dybvik Fjellet, mor til eit barn i Naustvågen barnehage
Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvald i Stord kommune, og Oddrun Røksund, kontaktperson for private barnehagar i Utdanningsforbundet Stord vil leia møte.
Utdanningsforbundet Stord ønskjer deg hjarteleg velkomen til eit uformelt, fagleg og sosialt møtestad! Bli med i diskusjonen, eller berre kom for å høyre på.
Etter samtale og debatt vert det høve til sosialt samvær.