Tid for dei minste!
Til budsjett vil me komma med innspel om at de opprettheld det gode vedtaket om forsøksordning med ein tilsett ekstra i alle dei kommunale barnehagane som vart vedtatt 19. oktober. Stord vart lagt merke til nasjonalt, og me i barnehagane sette utruleg stor pris på at de ser oss. Me ser at kommunedirektøren har lagt fram at det vil kosta ca. 3,4 millionar kroner. Desse tala meiner me er langt frå det det ville ha kosta. Det er mange element som ikkje er tatt med! Me kjem gjerne med innspel, berre ta kontakt. Her kjem mellom anna innsparing på sjukevikar og organisering. Dersom de ikkje går for denne modellen må me få be om at de i det minste vedtek forsøksordninga koalisjonen har i plattforma med ein ekstra tilsett i ein kommunal og ein privat barnehage, og at det skjer frå neste barnehageår.
22.11.2023