God påske

Publisert: 03.04.2020

I ein heilt spesiell situasjon stundar det mot påske. Kanskje me vil kunna senka skuldrene litt, sjøl om unntakstilstanden fortset.

Eg er imponert over det ekstraordinære arbeidet som har blitt gjort i barnehage, skule og støtteapparat i desse tre vekene. Takk for at de står på for barn og unge. Takk til de tillitsvalde for gode dialogar. Eg håper alle tar vare på kvarandre, både de som er yrkesaktive og de som er pensjonistar.

Når det gjeld årsmøtet, vil det bli gjennomført i det skypeliknande Teams. Det vil vera fylkeslaget som står for både digitalt opplegg og møteleiing. Dato for årsmøtet kjem me tilbake til.

Takk til fylkeslaget som har stått på for lokallaget. Heilt på tampen har fylkesleiar og kontaktperson for Ryfylke-nettverket sett Utdanningsforbundet i sving med å avklara spesielle forhold rundt påskeåpen barnehage og skule for oss.

Sjøl har eg ei litt ut-av-tida-oppleving i denne koronasituasjonen. Uansett, ser eg at kreativitet og samarbeid finn nye vegar. Samstundes har medverknad og medbestemmelse på arbeidsplassane blitt styrka.