Tillitsvalgtkurs i Molde

Nye tillitsvalde frå heile Møre og Romsdal har vore samla på kurs i tråd med grunnopplæringa i Utdanningsforbundet. Kurset var i Molde med 88 påmelde tillitsvalde. Dette er ny rekord på slikt kurs.

Tema i kurset var klubbarbeid og fagforeiningsmedvit,hovudavtalen, medråderett, løns- og arbeidsvilkår samt profesjonsmedvit og kommunikasjon.

Kurset er etter standaropplegg utarbeidd av Utdanningsforbundet sentralt og er ein del av ei kursrekke som samla utgjer grunnopplæringa for tillitsvalde i vår organisasjon.

I kurset legg vi stor vekt på gruppearbeid knytt til tenkte situasjonar i kvardagen som tillitsvald.

Vi har snakka med to av deltakarane – Marian Brennesvik Hansø frå Kristiansund vidaregåande skule og Petter Strøm, pedleiar i Astaddalen museums- og friluftsbarnehage i Gjemnes kommune.

Petter fortel at TV3-kurset er svært relevant for han i rolla som tillitsvald, men også i rolla som ped.leiar i barnehagen. Han skal kjenne seg trygg i lov- og avtaleverk i heile jobben sin. Kurset tek opp viktige og relevante tema og han meiner å få med seg gode tips og råd tilbake til kvardagen.

Kurset er god kompetanseheving og rik på kompetansedeling. Alle som deltok fekk nytte sin kompetanse og dele den med andre. I og med at kurset var lagt opp til mykje praktisk deltaking gjennom erfaringsdeling, har han med mange tips heim.

Kurset var godt organisert og plassert midt i fylket. Det var tidsbesparande og effektivt for oss som kom til “duk og dekka bord”.

Vi kjende at vi som medlemmar er på same laget og deler dei same kvardagsutfordringane. Felles utfordringar kan kjennast krevande, men kan også opplevast som ein styrke når alle dreg i same retning til det beste for born og unge. Eg skulle ynskje dei som tek store og alvorlege beslutningar på vegne av framtida fekk lære det same som oss.

Marian deler også sine tankar frå kurset. Ho opplevde gruppearbeidet som lærerikt. Det var flott at vi frå vidaregåande skule fekk jobbe saman i grupper då vi står mykje i dei same utfordringane. Det kan likevel vere ulik kvardag frå skule til skule og frå store til små einingar. Diskusjonane var relevant og nyttig.

Det er flott at vi fekk danne nye relasjonar med tillitsvalde frå same medlemsgruppe – det gjorde arbeidet ekstra nyttig.

Ei oppgåve om økonomikutt vart svært treffande for situasjonen vi som jobbar i fylkeskommunen står i akkurat no.

Også Marian påpeikar at kurset har høg relevans for kvardagen som tillitsvald. Ho opplever at Kristiansund vidaregåande skule har strukturar på plass og gjer mykje rett i høve lov- og avtaleverk. Det er ei god kjensle å ta med heim.

Fylkesstyret takkar alle dei flotte tillitsvalde for to engasjerte dagar med mykje god erfaringsdeling.