Pensjonistar på studietur.

Publisert: 14.11.2022

Pensjonistane i lokallaget har lenge ynskt seg meir påfyll og sosiale møtepunkt. Ikkje lenge etter at Vinje Pensjonistråd vart etablert, var ein god gjeng påmeldt til studietur til Rjukan.

Hjula rulla i strålande vèr mot aust, og etter ein bratt nedoverbakke og kjapp sving til høgre, over ei veldig smal hengebru, deretter opp ein svingete bakke ... kunne dei etterkvart klatre ut av bilane og skue utover Vestfjorddalen frå kraftstasjonen Vemork (verdas største i 1911!) som no er eit industriarbeidermuseum. I tillegg kan ein oppdatere seg på Rjukan si krigshistorie her. Norsk Industriarbeidarmuseum er autorisert som verdsarvsenter for Rjukan-Notodden industriarv.

Dei pensjonerte lærarane vart møtt av ein entusiastisk museumsformidlar som synte dei rundt på stasjonen og i den nyopna tungtvannskjellaren.  Kjellaren er mest kjent for sabotøraksjonen i 1943.