Medlemsmøte 22.09.22

Publisert: 23.09.2022

VInjehuset

Torsdag kveld arrangerte me medlemskveld på Vinjehuset. Med oss frå fylket kom Geir Evensen. Hovudtema var streik. Me vart ein fin gjeng på 21 stk. Hit kom og to frå lokallaget i Tokke.

Me tenkjer at dette vart eit godt møte der me fekk snakka om streiken, kva me streikar for, utfordringane i læraryret, vegen framover etc

Me tok på oss streikeskjortene og poserte til eit fellesbilde. Dette sendte me og nedover til streikarane i Porsgrunn for å syne støtte.