Ope brev til nyvalde kommunepolitikarar

I dag har fylkesleiar Elin Djuve innlegg i Stavanger Aftenblad. Du kan lese heile innlegget her.

Kjære politikar!  Gratulerer med vervet ditt! Heile 97% av dei minste barna våre går i barnehagen. Her skal dei utforska, leika, læra, få vener og utvikla seg som menneske.

Barn treng støtte, rettleiing og hjelp på denne første arenaen i eit langt utdanningsløp, og her er barnehagelærarane sin kompetanse uerstatteleg. Dei planlegg, gjennomfører og leiar dei pedagogiske arbeidet i tråd med lov og rammeplan.  

Kjære politikar, veit du at det no brenn i barnehagesektoren? 

Det er både for få tilsette og for få barnehagelærarar i barnehagane våre. I tillegg er sjukefråveret høgt, og vi ser at det er stor flukt frå barnehagelæraryrket; éin av tre barnehagelærarar ser for seg å slutta i yrket innan 3 år, ifølge rapporten Når plantid bare er en plan (Rapport 3/23, Utdanningsforbundet). Dette er alarmerande! 

Kommunar jobbar målretta for å oppfylla gjeldande bemanningsnorm  barnehagelærarar, nokon kommunar strekkjer seg allereie mot 50% barnehagelærarar. Tala frå Statsforvaltaren viser at Rogaland likevel er eit av fylka som har stor barnehagelærarmangel. I fylket vårt har rundt 45% av alle barnehagane dispensasjon frå utdanningskravet. Samanlikna med landsgjennomsnittet ligg Rogaland 20% høgare enn mange andre fylke. Nå er valkampen historie og arbeidet med å forma og utføra politikken ein gjekk til på val er i startgropa. Vi har ei forventning om ei storsatsing på fleire barnehagelærarar og auka bemanning i barnehagane. Barna våre fortener fleire barnehagelærarar og auka bemanning for å få ein best mogleg start på utdanningsløpet sitt.  

Det er mykje du som politikar skal setja deg inn i, løysa og utføra i vervet ditt.  Alt kan ikkje vera like lett. Utdanningsforbundet kan hjelpa deg og samarbeidspartnarane dine med å løysa desse utfordringane. Vi har utarbeidd ein modell som gir løysinga både for fleire barnehagelærarar og ei styrking av den samla grunnbemanninga. Den modellen vil vi i Utdanningsforbundet gjerne dela med deg. Du som politikar kan utgjere ein forskjell for den oppveksande generasjonen. Sats lokalt, no er det tid for dei minste.  

Vil du lytta til oss? 

 

Elin Djuve 

Fylkesleiar, Utdanningsforbundet Rogaland