Styremøte i April

Publisert: 26.04.2024

10.04.2024

På saklista.

  1. Årsmøte
    1. Evaluerte årsmøte-Flott årsmøte, med engasjerte medlem.
    2. Godt å få den økonomiske biten godkjent av årsmøtet. Vi må bruke mindre pengar i 2024. Årsmøtet og Julemøtet vert prioritert, elles vert det lite medlemspleie. Det vert heller ikkje gitt ekstra helsingar ila året og vi kan ikkje prioritere barnehagekonferansen i år. 
    3. Spørsmål ang HTV rolla vart sendt til oppvekstsjef, no er HTV invitert på alle møte.
  2. Permisjonsreglement
    Vi er nesten i mål. Viktig med gode vilkår for våre tillitsvalde. 
  1. Uttale til politikarane, KST og OPK
    Sette søkelys på livet i oppvekst. Og korleis ein oppleve livet med innkjøpsstopp. Korleis skal vi tolke det          politikarane bed oss om. Kva lovbrot skal vi begå? Krysspress. Kva er oppgåva vår? VI kan ikkje drive skule på ingenting. Camilla skriv eit utkast som vert sendt ut til styret. 
  1. Nytt frå sektoren, innspel til oppvekstsjefen.
    - Samarbeidstid: No når elevfrie dagar forsvinn så forsvinn ein viktig arena for samhandling og utviklingsarbeid.Det er viktig at vi får på plass eit system for korleis ein kan drive utviklingsarbeid. Det må forankrast ned på einingsnivå. Korleis kan vi få til fagnettverk på tvers av einingane. TD ein gong i månaden?