Ansiennitet: – Sjølvsagt seier vi ja til meir løn!

I tariffoppgjeret i 2022 vart det gjort endringar i regelen om lønsansiennitet. No opplever fleire kommunar å miste lærarar sidan mange kan få betydeleg lønsauke ved å jobbe i nabokommunen.

Fleire lærarar har den siste tida slutta i kommunen dei var tilsett i, og i staden gått til tilsvarande jobbar i nærliggande kommunar. Resultatet har vore auka løn. Grunnen er endringane som vart gjort i regelen om lønsansiennitet i hovudtariffavtalen i 2022, der lønsansiennitet blir fastsett ved tilsetting.

Tidlegare vart berre arbeidspraksis frå det offentlege telt med når ansienniteten skulle reknast, no blir også arbeidspraksis frå det private rekna med. Men den nye regelen om ansiennitet har ikkje tilbakeverkande kraft. Den som allereie er i stilling, har fått fastsett sin lønsansiennitet etter gjeldande tariffavtale ved tilsettingstidspunktet.

Det tyder at mange lærarar, i alle fall dei som har jobba fleire år i det private, kan få ein stor lønsauke om dei byter arbeidsstad. Denne lønsauken får dei i utgangspunktet ikkje om dei blir verande på same arbeidsstad som dei hadde i 2022.

– Kan utgjere ganske store beløp

Fleire har reagert på dette, og gjeve uttrykk for at dette er urimeleg. Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, meiner det likevel var heilt naturleg å gå med på ei slik ordning.

– Kort fortalt: Sjølvsagt seier vi ja til meir løn til våre medlemmer!

– Då dette tilbodet kom frå KS var det klart for Utdanningsforbundet at det kunne utgjere ganske store beløp for ein god del av våre medlemmer. Då var det òg naturleg å konkludere som Utdanningsforbundet gjorde for to år sidan.

Røsvoll presiserer at endringane som vart avtalt mellom partane var ei styrking av reglane for mange medlemmer. Det skjer endringar i hovudtariffavtalen ved kvart tariffoppgjer, og ingen av dei får tilbakeverkande kraft.

– Fleire kommunar har likevel valt å gje alle sine tilsette ny ansiennitetsberekning ved å bruke reglane i hovudtariffavtalen. Det er med andre ord fullt mogleg for kommunane å sjå seg pragmatisk på dette, seier Røsvoll.

Appellerer til «kloke arbeidsgivarar»

Leiaren i Utdanningsforbundets peikar på at dei kommunane som ikkje har ei pragmatisk tilnærming til dei nye ansiennitetsreglane fort kan hamne i ein uheldig situasjon.

– Det er stor lærarmangel i Noreg no, om lag 20 prosent av dei som underviser i norske klasserom manglar lærarutdanning. Om dei ser at nabokommunen har ledige stillingar, som gjer at du kan gå opp 100.000 kroner i årsløn, så vil mange lærarar sjølvsagt hoppe på ein slik sjanse.

– Om kommunen som mistar denne læraren skal tilsetje ein ny med like lang ansiennitet og utdanning, må den uansett ut med 100.000 kroner ekstra, i tillegg til det meirarbeidet og dei ekstrakostnadane ein slik tilsetjingsprosess fører med seg. Eg vil tru at kloke arbeidsgivarar ikkje ser seg tent med det, seier Røsvoll.

Ikkje mogleg å fremje kollektive krav

Han er likevel rask med å understreke at det ikkje er mogleg å fremje kollektive tariffkrav på vegne av dei som til dømes vil få godkjend lengre ansiennitet i andre kommunar.

– Nei, regelen gir ingen rett til å fremje kollektive krav frå dei tillitsvalde.

– Når det er sagt, så kan tillitsvalde sjølvsagt gå dialog med arbeidsgivar om kva konsekvensar endringane har for kommunen eller fylkeskommunen. Her bør det vere gode argument for å vinne fram. Men å krevje ny ansiennitetsberekning for alle tilsette er det altså ikkje grunnlag for etter regelen i tariffavtalen, understrekar Røsvoll.

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet