Lærarar blir oppmoda til å melde alle avvik

Mange lærarar fortel at dei aldri har fått opplæring i avvikssystemet. Tillitsvalde etterlyser eit nasjonalt meldingssystem, men kunnskapsministeren Tonje Brenna seier nei.

43 prosent av lærarane i Trøndelag svarte at dei ikkje har fått opplæring i korleis dei skal melda avvik. 42 prosent av lærarane uttrykkjer at dei ikkje blir oppmoda av kommune eller skuleleiing til å melda om uønskte hendingar i systema sine for internkontroll. 

Alle kommunar er lovpålagt å ha eit system for internkontroll. Formålet med eit slikt system er å synleggjera det ein opplever i arbeidskvardagen, slik at opplæringstilbodet til elevane blir styrkte og at arbeidsmiljøet til dei tilsette blir betre. Arbeidsmiljølova er tydeleg på at det er ansvaret til arbeidsgivar å sørgja for at arbeidstakarar veit korleis ein melder frå om uønskte hendingar og kritikkverdige forhold. Arbeidsgivar har òg ansvaret for å følgja opp og evaluera hendingane, slik at dei kan førebyggjast i framtida.

Meld inn alt!

– Dersom kommunane verkeleg ønskjer å førebyggja uønskte hendingar og synleggjera praktiske og økonomiske utfordringar som er i skulen, er ein avhengig av å vita kvar skoen klemmer. Eg oppmodar alle lærer til å melda inn rubbel og bit for å synleggjera kva arbeidskvardag lærarane står i, seier tillitsvalde Kai Nilsen til Utdanningsnytt. 

Les meir i Utdanningsnytt her.