Kan bli streik i både KS og Stat fra den 24. mai

Torsdag varsla Unio kommune plassoppseiing for over 500 tilsette i Bergen. Skular, helseinstitusjonar, bibliotek og andre kommunale og fylkeskommunale tenester vil rammast om det ikkje blir semje i meklinga mellom Unio kommune og KS. Fristen for semje er midnatt, natt til 24. mai.

– Vi håpar sjølvsagt å bli samde i meklinga. Det er alltid målet vårt når vi går inn i ein slik prosess, seier Unios forhandlingsleiar, Steffen Handal. Dessverre var avstanden stor under forhandlingane, så mykje tyder på at det blir ein utfordrande meklingsinnspurt. 

– Vi må få innfridd krava våre om reallønnsvekst for dei høgt utdannande i offentleg og eit skuletillegg. Spesielt lærarane har hatt ein altfor dårleg lønnsutvikling over lang tid, påpeikar Handal.

Om det ikkje blir semje med arbeidsgivar KS på desse viktige punkta ser Handal ingen annan utveg enn å måtta gå til streik.

– Det er store utfordringar i offentleg sektor, både når det gjeld å rekruttera og å behalde tilsette med lang utdanning. Spesielt gjeld det for sjukepleiarar og lærarar, seier Handal.

Dette fekk vi nyleg stadfesta i Navs bedriftsundersøking som viser at det er særleg stor mangel på sjukepleiarar og at skulane i stor grad mislykkast med å rekruttera tilsette med den kompetansen dei har søkt etter.

Unios forhandlingsleiar er svært bekymra for den utviklinga vi no ser i mange av kommunane i landet.

– Mange stader i landet er det no så store rekrutteringsutfordringar at innbyggjarane ikkje får dei velferdstenestene dei forventar. Kommunane slit med å rekruttera og behalda dei med lang utdanning. VI veit at lønn er eit svært viktig verkemiddel for å få gjort noko med denne situasjonen, understrekar Handal.


Kan og bli streik ved høgskular og universitet

Saman med dei andre hovudorganisasjonane  braut Unio forhandlingane med staten 30. april. Oppgjeret hamna dermed hos Riksmeklaren. Fristen for meklinga er måndag 23. mai ved midnatt.

– Vi håpar Riksmeklaren får staten til å komma oss i møte. Det siste tilbodet frå staten var altfor dårleg, og det var særleg i diskusjonane om økonomi vi stod for langt frå kvarandre. På andre område hadde vi god framdrift, seier forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind i Unio stat.

Torsdag 19. mai varsla Unio stat at 850 medlemmer blir tekne ut i streik viss meklinga ikkje fører fram. Då blir medlemmene tekne ut i streik på følgjande stader:

    Trondheim 200

    Bergen 200

    Stavanger 150

    Oslo 300


Unio har 35 033 medlemmer i det statlege tariffområdet. Dei største gruppene er tilsette i politiet og innan forsking og høgare utdanning.