Det er nok no!

Det beste med lærarjobben er når ein står i klasserommet med elevane og driv med godt læringsarbeid. Likevel er denne streiken nødvendig, seier Grete Monsen kontaktperson grunnskule i Utdanningsforbundet Vestland

Lærarane streikar

Det beste med lærarjobben er når ein står i klasserommet med elevane og driv med godt læringsarbeid. Når ein kjenner på pulsen at her skjer det noko som er bra. Gjennom dialog og samspel med elevane kjenner du at kjemien er rett. Dei lærar og dei er i utvikling. Du følgjer dei over tid og du utviklar ein relasjon til kvar og ein av dem. Du kjenner på ansvaret du har fått- på samfunnsoppdraget du er utdanna til  og er glad for at du får følgje nettopp desse elevane.

Så går vi altså ut av klasserommet for å streike for meir løn og går glipp av alt dette som betyr så mykje for oss.

Statistikk vi var einige med KS om før forhandlingane starta viser klårt og tydeleg at lærarane har hatt dårlegare lønsutvikling enn alle andre tilsette i kommunal sektor, ikkje berre eit år, men mange. Kvifor skal den same gruppa få mindre kvar gong det er forhandlingar?

Eg kjenner og på ei trong for å forklare, for KS er ute på tokt og spreier desinformasjon.  Det er ikkje det at KS-«general» Gangsø lyg når han seier at 37 av dei 40 forbunda har sagt ja til resultatet i forhandlingane.  Han gløymer berre å fortelje at dei tre lærarorganisasjonane som har takka nei er 25 % av dei tilsette i kommunane.

Det er nok no!