- Verne lærartittelen?

15 % som underviser i grunnskulen i Noreg manglar godkjend lærarutdanning, medan 21 % i vidaregåande gjer det same. Dette betyr at mykje av opplæringa av barna våre, ungdom og vaksne blir gjorde av personell som ikkje har utdanning og kompetanse til å gjera dette.

Den seinare tida har det vore eit aukande tal medieoverskrifter som fokuserer på kor mange ufaglærte som underviser i den norske skulen. Svaret på dette kan vere at lærartittelen må vere ein beskytta tittel, då denne jobben berre kan gjerast av ein person med godkjend lærarutdanning.

Opplæringslova § 10-1 seier at «Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Likevel blir det tilsett personale utan denne kompetansen til å undervise på skulane, i tillegg til at det i lønnstabellen blir operert med koden «lærer utan godkjend utdanning». Med andre ord blir Opplæringslova broten dagleg, og lønnstabellen legg til rette for det.

Faktum er at anten er ein lærer med godkjend utdanning eller så er ein ikkje lærer.

Ein lærar må ha godkjent fagleg og pedagogisk kompetanse. Dette betyr at vedkommande i tillegg til rein fagkompetanse, mellom anna har utdanning innanfor metodikk, didaktikk, pedagogikk, relasjonsskapning, og profesjonsetikk. Med andre ord har dei kunnskap om korleis barn, unge og vaksne tileignar seg kunnskap, dei kan tolke lærarplan og planleggja undervisning med tilrettelegging for den enkelte eleven, og dei evnar å skape ein relasjon til kvar enkelt elev, som er ein føresetnad for at læring oppstår. Vidare evnar dei å tenkje nytt og kreativt ifølgje med utviklinga av samfunnet, og ikkje minst er dei rollemodellar for barna våre og unge, i betydninga av at dei har jobbe aktivt med eigne haldningar og kan rettleie elevane sine i dei vala dei må ta.

I vaksenopplæringa har læraren i tillegg ei særskild oppgåve med å hjelpe elevane i møte med eit nytt samfunn. Det er ingen tvil om at rein fagkunnskap ikkje er nok til å vere lærar og undervisa barn, unge og vaksne i skulane våre.

Det er etter vår meining rimeleg å krevje at Kunnskapsdepartementet og regjering på bakgrunn av dette gjer lærar til ein beskytta tittel og at lærer utan godkjend utdanning blir fjerna frå lønnstabellen vår.