Ordføraren skugga ein lærar i barnehagen ein heil dag

Publisert: 05.01.2024

Utdanningsforbundet Øygarden utfordra politikarane til å skugge ein lærar i barnehage eller skule ein heil dag. Ordføraren var kjapp til å ta utfordringa.

I eit dikt publisert i Vestnytt 17. juni 2023 vart politikarane i Øygarden kommune utfordra til å skugge ein lærar i barnehage eller skule ein heil dag. Ordføraren var kjapp til å ta utfordringa. Det var mange barnehagar og skular som kunne tenkje seg jobbskugging, men valet falt på utegruppa i Stranda barnehage. Vi har intervjua både ordførar Tom-Georg Indrevik og Franziska Grütte, som er pedagogisk leiar for utegruppa.

Tom-Georg Indrevik fortel at han tok utfordringa fordi han blei spurt. Han nytter mellom 60-80% av tida si utanfor kontoret, og likar godt å vere ute der drifta er. Han seier det er spennande å snakke med dei som utfører oppgåvene ute i tenesta, og at det gjer han mykje. Det han var mest overraska over var kor raskt ein må skifte fokus i barnehagen. Han fortel mellom anna at du «sit og leikar med modellerkitt saman med tre barn, så plutseleg grin eit anna barn, som du må gå for å trøyste, og då vert dei tre barna som du leikte med veldig sur for at du går». Dette raske skifte i fokus hadde ikkje ordføraren tenkt på tidlegare.

Den positive kulturen i barnehagen var noko han merka seg særleg. Han såg at dei tilsette har ein positivitet og ein stoltheit over yrket, sjølv om kvardagen er krevjande. Ordføraren seier han er veldig imponert over tenesta dei tilsette i barnehagen gjer til foreldra, eller eigentleg dei minste innbyggarane våre.

Franziska Grütte, pedagogisk leiar i utegruppa til Stranda barnehage, var rask med å melde seg då utfordringa frå Utdanningsforbundet Øygarden kom. Det er viktig for ho at både dei tilsette og barna som går i barnehagen, vert sett og høyrt. Ho høyrer at politikarane seier at bemanningsnorma i kommunen er oppfylt, men undrar seg om dei veit at den berre er oppfylt 2-3 timar kvar dag. Hennar ønskje var at ordføraren skulle få sjå korleis kvardagen eigentleg er. Ho opplevde ordføraren som positiv og engasjert, og fortel at han var ein ressurs. Ho sit igjen med eit inntrykk av at han fekk sjå kor hektisk og utfordrande det kan vere når ein skal gjennomføre møte, må slå saman avdelingar og vere vaktmeister, samstundes som ein skal gje barna eit godt pedagogisk tilbod.

Ordføraren hadde ein kjempegøy dag i barnehagen. Likevel seier han at han merka kor krevjande det var å heile tida vere kopla på 100%, samstundes som ein må skifte fokus ofte. Han oppdaga ein vask ute som ikkje fungerte, og som ikkje hadde fungert på fleire månader. Denne vasken er utegruppa avhengig av, då dei korkje har vatn eller toalett i nærleiken. Ein vask som ikkje verker meiner ordføraren ikkje er godt nok. Han seier at det ikkje handlar om at vi ikkje har pengar til å fikse vasken, men at vi ikkje har gode nok system som fangar dette opp. Ordføraren tek dette med seg vidare og seier at det er viktig at dei bygga vi har fungerer.

Utegruppa i Stranda barnehage er ganske unik i kommunal samanheng. Ordføraren meier kommunen burde hatt fleire slike utegrupper, som tek i bruk naturen i større grad. Særleg når vi ser at barn er mindre ute enn tidlegare. Fleire utegrupper kan vere positivt, og kan òg gje kommunen ein større konkurransefordel i høve private barnehagar. Vi som er ein øy-kommune bør kanskje utnytte sjøen og naturen i større grad? Han trur dette kan vere med på å auke både respekten for naturen, men og det å like å vere ute i naturen. Sjølv har han vore speidar og har mange gode minner frå ulike opplevingar ute.

Det er snakka mykje om kvalitet og kva kvalitet eigentleg er for dei minste. Først og fremt meiner ordføraren at kvalitet i barnehagen handlar om omsorg, struktur og gode rammer. Han er imponert over kva dei får til innanfor det rammeverket dei har. Han så at Franziska var ein tydeleg pedagog, og at det er viktig for barna. Dei har tydelege rammer for kva dei kan gjere, og kva dei ikkje kan gjere. Ordføraren fortel at fridom òg er kvalitet. Den fridomen barna hadde ved at dei kunne vere inne eller ute slik dei ønskja, i den vesle hytta dei har tilgjengeleg, var fantastisk.

Franziska meiner òg kvalitet handlar om å ha tilsette med kompetanse. Barnehagen skal ivareta barnets behov for omsorg, leik, læring og danning. Dette må sjåast i samanheng for å få ei allsidig utvikling. Då treng vi kompetanse! «Vi har ein barnehage i krise, og bemanningssituasjonen i barnehagane gjer det utfordrande å gje barna den kvaliteten og utviklinga dei har krav på».

Ordføraren ønskjer at respekten for den jobben som gjerast i barnehagen må løftast. Barna er ikkje berre i barnehagen, det er ein viktig del av dei fleste barn sin oppvekst. Jobben dei tilsette gjer er i barnehagen er undervurdert. Kvar dag gjer dei ein forskjell!

Han anbefaler at fleire politikarar tek seg tid til å besøke ein barnehage eller skule, slik han har gjort. Vidare seier han at ofte når politikarar kjem på besøk ute i drifta, får dei sjå eit glansbilete. Ved å skugge ein lærar i barnehage eller skule får du sjølv oppleve korleis det eigentleg er og får difor eit meir rett bilete, både av gleder og utfordringar.

Avslutningsvis seier ordføraren at han tek med seg mange gode minner og erfaringar frå dagen i barnehagen, og han gjerne skuggar ein lærar i skulen også. Det skal sjølvsagt Utdanningsforbundet Øygarden hjelpe han med. Vi ønskjer oss fleire politikarar som er villige til å skugge ein lærar i barnehage og skule. I mellomtida leiker barna i utegruppa at dei er ordførarar. Og vasken? Nei, den verkar framleis ikkje.