Haustkurs 2023

Publisert: 16.11.2023

For andre gong arrangerte Utdanningsforbundet i Valdres-kommunene haustkurs!

Me gjentar fjorårets gode oppleving og inviterte styremedlem, arbeidsplasstillitsvalde og pensjonistkontakt til haustkurs på Beitostølen.

Torsdag vart me underhalda av Andre Ulveseter, åt god middag og deltok på quiz.

Fredag starta me dagen delt i medlemsgrupper: barnehage for seg, og skule for seg. Tema var arbeidstidsavtalene, SFS 2201 og SFS 2213. Deretter fekk me besøk av Rudi Andre Syversen og Tore Hølmo frå fylkesstyret - dei kom med nyheiter frå Landsmøte, og snakka om satsingsområdet Tid for de minste. Tema som ansiennitet, tilsetting, løn og forhandlingar var og aktuelle.

Kunne du tenkje deg å bli med? Still til val som tillitsvald på din arbeidsplass, eller som styremedlem i lokallagsstyret!