Stopp flukta frå læraryrket!

Uttale frå fylkesårsmøtet i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Utdanningsforbundet Møre og Romsdal krev at ansvarlege politikarar på alle nivå må sørge for at ein får betre rammer slik at flukta frå læraryrket stoppar!

Tal frå undersøkingar siste tida viser at mange lærarar ynskjer seg bort frå yrket. Dei aller nyaste tala viser at heile 71 % av dei spurde har enten søkt eller vurdert å søke seg bort. Vi høyrer om nyutdanna som forlet yrket før dei eigentleg har starta, og vi høyrer om erfarne lærarar som ikkje orkar eller ynskjer å stå i det lenger.

Den langsame ulukka

Nyare forsking, både nasjonalt og internasjonalt, viser at det som er særleg belastande i læraryrket er det å stå i stressrelaterte situasjonar over lang tid, noko som kan sjåast som «ei langsam ulukke». Vi ynskjer difor at det må setjast større fokus på psykososialt arbeidsmiljø.

Faktorar som utløyser stressreaksjonar kan t.d. vere: for store klasser/grupper, mangel på vikarar, underbemanning, vikarar utan rett kompetanse, stadige endringar og reformer, og ikkje minst stadig meir utfordrande born/elevar. Mange lærarar kjenner seg igjen i dette.

Frå vår ståstad ser vi ein motpart som er meir oppteken av å tilbakevise vår uro enn å anerkjenne problemet. Skal denne diskusjonen vere ein kamp om sanninga, eller skal vi saman erkjenne at dette er eit problem, ikkje berre for oppvekstsektoren, men for heile samfunnet?

Dårlegare rammefaktorar

Vi ser at rammefaktorane i barnehage og skule gradvis vert dårlegare,  ressursane til bemanning, tilrettelegging, ekstra innsats og førebygging vert knappare, medan behova vert større.  Samtidig ser vi høge politiske ambisjonar til utdanning i Noreg, på tvers av alle politiske parti. Etter vårt syn fremmar ikkje den rådande politikken arbeidskvaliteten for dei som har eit arbeid i barnehage og skule. Det totale presset på leiarar og andre tilsette i vår sektor gjer at for mange vil forlate yrket, eller vel å ikkje gå inn i det.

Årsmøtet ser svært alvorleg på denne utviklinga. Den bør uroe ansvarlege politikarar, barnehage- og skuleeigarar. Spørsmålet alle bør stille seg er:

Kva er det i oppvekstsektoren som gjer at for mange lærarar ikkje ynskjer å vere her lenger, og kva skal til for at fleire skal ynskje å bli verande?

Stopp flukta frå læraryrket

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal krev at ansvarlege politikarar på alle nivå må sørge for at ein får betre rammer slik at flukta frå læraryrket stoppar!