Resolusjonar frå Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal

Det vart vedteke fire resolusjonar frå Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal. Du kan lese meir om dei nedanfor.

Resolusjonane er:

Auka administrasjonsressurs i barnehage og skule.pdf
Gi alle elevar rett til ein lærarutdanna lærar.pdf
Krav om likeverdig bruk av bokmål og nynorsk i Utdanningsforbundet.pdf
Stopp flukta frå læraryrket!.pdf

Auka administrasjonsressurs i barnehage og skule

Utdrag: "Med tanke på aukande arbeidspress for leiarane går vi inn for at grunnressursen for administrasjon må aukast. I barnehage vil vi at minsteressursen til leiing bør aukast til meir enn 35 %, og at tal born som utløyser heil administrasjonsressurs må senkast. Skule må få ei tilsvarande nedre grense for administrasjonsressurs."


Gi alle elevar rett til ein lærarutdanna lærar

Utdrag: "Vi veit at det manglar lærarar og det kan vere vanskeleg å fylle eit slikt lovkrav i hele landet, men å bruke det som ei unnskyldning for å vidareføre dagens lovtekst, er svært lite ambisiøst av politikarar som elles har store ambisjonar for norsk skule."


Krav om likeverdig bruk av bokmål og nynorsk i Utdanningsforbundet: 

Utdrag: "Ifølgje Språkrådet skal begge målføre brukast i heile landet og på alle saksfelt, ikkje berre i det offentlege. Dette må ein lærarorganisasjon som Utdanningsforbundet også rette seg etter."

Stopp flukta frå læraryrket

Utdrag: "Faktorar som utløyser stressreaksjonar kan t.d. vere: for store klasser/grupper, mangel på vikarar, underbemanning, vikarar utan rett kompetanse, stadige endringar og reformer, og ikkje minst stadig meir utfordrande born/elevar. Mange lærarar kjenner seg igjen i dette."