HTV og lokallagsleiar er nå bare på heimekontor

Publisert: 16.03.2020

I desse koronatider går all kommunikasjon via digitale løysingar eller på mobil.

HTV deltar på dei nettmøta kommunalsjefen og rådmannen kallar inn til. Samstundes får lokallaget jamnleg informasjon og direktiv frå Utdanningsforbundet gjennom fylkeslaget.

Først av alt må me som medlemmer ta ansvar for å hindra smittespreiing.

Fagleg skal me bidra til konstuktive løysningar i barnehage, skule og støttesystem – truleg òg i eit langsiktig perspektiv.

Tillitsvalde på arbeidsplassnivå må gjennom medbestemmelse, vera med å få til så gode arbeidsforhold som muleg for medlemmene, i denne situasjonen.

Lokallaget vil vidareformidla naudsynte meldingar frå fylkeslaget til tillitsvalde og medlemmer. HTV vil senda ut aktuell informasjon til arbeidsplasstillitsvalde og kontaktpersonar i barnehage, skule og støttesystem. HTV og lokallagsleiar vil sørga for dialog med lokallaget sine tillitsvalde og kontaktepersonar.

 

Aktuelle lenker