Svar på politiske spørsmål frå MDG Bjørnafjorden

Publisert: 30.08.2023

Bemanning 

Bemanningsnorma som praktiserast i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden kommune er minstekrav for bemanning. I praksis gjeld den berre nokre få timar kvar dag. Utdanningsforbundet meiner at barna har for lite tilgjengeleg, kompetent personell som kan støtta deira leik, utvikling og kvardag. Utdanningsforbundet arbeidar for ei styrka bemannings- og pedagognorm i barnehagane 

Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane? 

Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar? 

 

SVAR: MDG har programfesta å auke bemanning i barnehagen, men det er krevande i den økonomiske situasjonen kommunen er i, og dei store konsekvensane auka utgifter til kommunale barnehagar får for tilskotet kommunen må gje til dei private. Det er ikkje sikkert at vi kan kreve at dei skal bruka auka tilskot til auka bemanning.   

 

Tidleg innsats 

Fleire av dei politiske partia har i sine lokale valprogram peikt på at dei vil satsa på tidleg innsats. 

Dette er Utdanningsforbundet glade for. 

Kva legg ditt parti med omgrepet  tidleg innsats? Og kva konkret vil ditt parti gjera for å bidra til dette? 

SVAR: Vi ser på det som høve til å setta inn tiltak så snart behov er oppdaga, utan å venta på utredning, sakkunnig vurdering eller omlokkering av ressurser. Ofte er dette nyttig når skulane skal halde plikta si til å tidleg følgja opp elevar som ikkje har forventa utvikling innan lesing, skriving og rekning i småskulen, men det kan og vera tidleg innsats når ein raskt kan gje nødvendig hjelp og støtte til faglege eller sosiale utfordringa hjå eldre elevar.  

Tidleg innsats kan og vera lågterskeltilbod på andre område, til dømes innan barnehage, barnevern eller helse. Lett tilgjengelig hjelp som ein kan få før utfordringane blir store.  

  

Slik tidleg innsats er dessverre ein luksus som er vanskeleg tilgjengeleg når økonomien er dårleg. Då har ein ikkje råd til å prioritera noko anna enn det mest alvorlege, og det er dyrt både økonomisk og på andre måtar over tid.  

Vi i MDG har i fireårsperioden jobba for å auka ressursane til dei kommunale tenestene slik at ein har rammer til å gje tidleg innsats. Vi vil fortsetta det arbeidet i neste periode.