Landsmøtefestival i Vestland

I Strandgaten 198 har tilsette og tillitsvalde denne veka hatt landsmøtefestivalen S-198. Vi har samla oss for å følgje strauminga av landsmøtet, og samtidig hatt arrangement som felleslunsj (der også pensjonistane sitt styre var med), quiz, morgonkaffi og landsmøtemiddag med viktig (eller artig) saksliste. Det har vore høgt engasjement og god stemning - unntatt akkurat då det gjekk noko treigt med bingobrettet til enkelte deltakarar.

I Strandgaten, her i byen den flotte,
har vi hatt landsmøtefestivalen S198.
Vi har fulgt landsmøtet på strauming,
og samtidig funne på artige ting.

Vi har ete lunsj saman med styret til pensjonistane,
og fulgt debatten frå UDF-delegat frå heile landet.
Vi har hatt S198-bingo og quiz på Kahoot!
Begge deler gjekk ganske så smooth.

Koppar med kaffi har stadig vore fulle og tømt,
og ingen har frå festivalen rømt.
Ingen har enno fått fullt bingo-brett.
Så dette med bingo var ikkje så lett.

Middag skal vi ha på kvelden på torsdag,
og kose oss med tapas i lystig lag.
Då skal vi fortsette med engasjement og lått,
det blir nok også skikkeleg flott!

Bilde av program og festivaldeltakere