Takk for eineståande arbeid

Publisert: 27.04.2020

Ein stor takk til alle medlemmer i barnehage, skule og støtteapparat for dedikert og konstruktivt arbeid i desse koronatider.

Med foto frå eit av nestleiar sine favoritt-utsiktspunkt vil lokallagsleiar spesielt takka lokallaget sine tillitsvalde for eineståande dialog i desse krevande vekene. Etter lokallagsleiar sitt inntrykk har det òg vore jobba proft frå Sauda kommune si side opp mot barnehage og skule. Slik HTV har opplevd, og slik tillitsvalde har rapportert, har det vore god medverknad og medbestemmelse på arbeidsplassane.

Nå ved gjenåpninga av barnehage og 1.- 4. klassetrinn vil me gå inn i ein svært krevande periode. Den første veka vil det etter alt å dømma herska ein unntakstilstand i unntakstilstanden, men HTV og lokallagsleiar forventar at arbeidsgivar sørger for at me er i godt gjenge igjen med plantid, lærarsamarbeid, medverknad og medbestemmelse frå veke to av. 

Ein spesiell takk til de leiarmedlemmer for innsatsen. Takk og til rådmannen for god møtestruktur og oppfølging av Utdanningsforbundet Sauda sine innspel.

 

Følg med på Utdanningsforbundet sine heimesider: