Svar på politiske spørsmål frå Raudt Bjørnafjorden

Publisert: 01.09.2023

Bemanning 

Bemanningsnorma som praktiserast i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden kommune er minstekrav for bemanning. I praksis gjeld den berre nokre få timar kvar dag. Utdanningsforbundet meiner at barna har for lite tilgjengeleg, kompetent personell som kan støtta deira leik, utvikling og kvardag. Utdanningsforbundet arbeidar for ei styrka bemannings- og pedagognorm i barnehagane 

Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane? 

Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar? 

SVAR: Raudt ønskjer absolutt å styrkja bemanninga i barnehagen. Me vil også gi faste og fulle stillingar for å forhindra små og kortvarige stillingar. Det er bra både for borna og for dei tilsette. Det er berre rett og rimeleg at borna skal bli sett, og få den pedagogisk forsvarlege og nære oppfølginga av dei tilsette. Jo færre tilsette, jo meir stress, noko som fører til meir sjukefråver. Fleire tilsette vil redusera kostnader rundt sjukemeldingar og innhenting av ekstra arbeidskraft utanfrå. Det er viktig å gi dei tilsette høve til å gjera jobben sin skikkeleg, og, ikkje minst, slik dei eigentleg har lyst å gjennomføra han til det beste for borna. 

Me ønskjer også at den økonomiske støtta til barnehagar saman med foreldrebetaling kjem borna til gode, og ikkje går til velferdsprofitørar. Raudt ønskjer ei betre og meir fagleg forsvarleg nasjonal bemanningsnorm. Bemanningsnorma skal knytast opp mot barnehagen si opningstid på 9 timar, og skal også gjelda ved fråver blant det faste personalet. Barnehagelærarnorma skal styrkjast, slik at ein barnehagelærer ikkje skal ha ansvaret for meir enn seks born under tre år og tolv born over tre år. 

Vidare meiner Raudt at det er viktig å sikra at bemanningsnorma vert overhalden. Brot på denne skjer som ei følgje av at private barnehagar lyt kutta i utgifter for at dei skal kunna tena pengar. Det er også nødvendig å få slutt på konkurranseutsetjing av drift - noko som fører til at kommunale og ideelle barnehagar ser seg nøydde til å koma med anbod som er uforsvarlege for å vinna konkurransen med dei private. Dette er ein fullstendig uakseptabel praksis.  

Tidleg innsats 

Fleire av dei politiske partia har i sine lokale valprogram peikt på at dei vil satsa på tidleg innsats. 

Dette er Utdanningsforbundet glade for. 

Kva legg ditt parti med omgrepet  tidleg innsats? Og kva konkret vil ditt parti gjera for å bidra til dette? 

SVAR: Alle elevar skal ha rett til integrering i skulen med utgangspunkt i sitt eige funksjonsnivå og sine utviklingsbehov. Elevar med vedtak om eller behov for tilrettelegging, skal få det. Me meiner også at ein skal tilby spesialundervisning straks det er behov for det. Alle skular skal få høve til å bli dysleksivennlege gjennom skulering og oppfølging. Det er viktig å styrkja skulehelsetenesta slik at nasjonale normer vert oppfylt, og helsesjukepleiar må vera tilgjengeleg kvar dag og kunna tilvisa til Borne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Det skal vera låg terskel for at helsejukepleiar kan tilvisa til BUP, slik at BUP kan verka førebyggjande.  Generelt ønskjer me å førebyggja problem gjennom desse retningslinjene: Me ønskjer at skulen skal vera leksefri og at skulearbeidet skal føregå på skulen der elevane kan få hjelp etter behov. Me vil arbeida for at første klasse skal være ein førskoleklasse der læring primært skal føregå gjennom leik, fysisk utfalding og utforsking. Dei første trinna på skulen må vera betre tilpassa barna sine behov for aktivitet og bevegelse. Pedagogikken for dei yngste borna skal vera tufta på leik. Me vil ha mindre klassar og reduksjon i undervisningstid for kontaktlærarar. I tillegg ønskjer me å fjerna unødvendig dokumentasjon og rapportering slik at lærarane har meir tid til eleven og til å førebu og gjennomføra undervisninga. Raudt sitt syn på dette området er i stor grad samsvarande med synet til fagmiljøa, særleg det som kjem fram hos Statped (https://www.statped.no/laringsressurser/sammensatte-larevansker/fokus-pa-tidlig-innsats/fokus-pa-tidlig-innsats/tiltak--tidlig-innsats-i-barnehagen/) 

For at ein skal kunna styrkja den tidlege innsatsen er det særs viktig at barnehagane har tilstrekkeleg bemanning, slik at born som er urolege og har vanskar med konsentrasjon og merksemd får den nødvendige individuelle oppfølging og tilrettelegging av fagleg kompetent personell. Det er viktig at dette området ikkje vert ein salderingspost i budsjetta. 

 

Økonomi 

Me ser at de har veldig gode intensjonar i valprogrammet dykkar, og me er einige i mykje. Spørsmålet vårt til dykk er då korleis de ser for dykk løysinga på økonomien i dette? Fyrste tertialrapport viser at oppvekstsektoren har eit overforbruk på 46,3 mill i 2023. Eigedomsskatt er for lite. 

SVAR: Eigedomsskatt er ein føresetnad for ein god kommuneøkonomi, og Raudt ønskjer ein sosial profil, bl.a. ved hjelp av store botnfrådrag, progressive skattetrinn og høgare makssats. I tillegg ønskjer me å kunna skilja mellom fritidseigedom, næringseigedom, sekundær- og primærbustader. Når det gjeld dette, er det dessverre ikkje så mykje kommunen i seg sjølv kan gjera utover det å innføra eigedomsskatt. Raudt nasjonalt ønskjer å styrka kommuneøkonomien og motarbeida sentraliseringspolitikken som har blitt ført over lengre tid. Me ønskjer å fullfinansiera alle nye oppgåver som vert overført til kommunane og fylkeskommunane gjennom dei statlege tilbakeføringene. Inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane må endrast slik at dei får tilstrekkeleg med midlar til å kunna gjennomføra oppgåvene sine på ein måte som sikrar desentraliserte tilbod med forsvarleg bemanna tenester. Høge utgifter til innleigde private konsulentar i kommunane bør begrensast, og kunna dekkast av fast tilsette konsulentar i fylkeskommunen. Bjørnafjorden kommune har dessutan hatt store utgiftspostar til prestisjeprosjekt, bl.a. i oppføring av nybygg. I staden trengs det ei kraftig styrking av tenestetilbodet i kommunen. Me ønskjer ikkje at barnehagar og grunnskule vert skadelidande under budsjettsalderinga. 

 

Raudt har også programfesta lågare politikarlønninger.